Nytt år i nisseheimen.

Når vi no ser tilbake på gamleåret, 2023, er det krig, klimaendringar og epidemiar som har prega den verdsvide nisseheimen.

Ved eit årsskifte er det tid for oppgjer og gode fortsett, men det er vel fare for at det vert ved det gamle. Dei verste krisene kjem til å fylgja med, som nissen på lasset.

Ekstreme vêrhendelsar vil føra til alvorlege fylgjer for nissesamfunn både her og både der, og dei over 100 væpna konfliktane kring i verda vil mogeleg berre auka. Raskt veksande folketal og nissegrupper på vandring, vil skjerpa kampen om areal og ressursar, og det finst nissenasjonar som er villig til å vinna desse rikdomane med våpen i hand. Når krubba er tom, bitast hestane, heiter det i ordtaket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stilskriving

For nokre tiår sidan, då stilskriving var ein svært viktig del av norskopplæringa i skulen, var ei mykje brukt oppgåve: Hjå meg sjølv om 30, 40 eller 50 år. Då fekk fantasien fritt spelerom.

Datamaskiner og robotar var element ein såg for seg ville koma som gode og behagelege hjelpemiddel. I dag er desse komne. Dei fleste nissar går med ei lita datamaskin i handa, i lomma eller i veska, og dei føler seg mest ikkje påkledd om dei ikkje har den med. Robotar gjer ein del kjedelege og tidkrevjande oppgåver, om ikkje akkurat i heimen.

Realitetar

Dette som for ei god tid sidan var framtidsfantasi, har no vorti realitetar. MEN, no er det andre hjelpemiddel som bankar hardt på døra, KI (kunstig intelligens). Denne teknologien som var ein fjern framtidsdraum, er no ved å verta ein del av kvardagen for mange, - og det har skjedd superraskt. Det har skjedd i 2022, det året vi no har lagt bak oss.

Der vesle vetet ikkje strekk til, kan KI overta. Det gjeld det meste. Frå å skriva tekstar, til å planleggja krigføring i stort omfang, som om nissehjernen ikkje er god nok til den slags djevelskap!

Hallingdølen hadde for ein månad sidan ein reportasje om helseføretaket Vestre Viken, som var fyrst i landet til å bruka KI i pasientbehandling. Mange er klår over både mogelegheiter og farar ved denne nye teknologien. KI er skremmande. Røyster hevdar at dette kan bli ein trussel for menneska (nissane) sin eksistens.

Nye kostar

Jonas den raude og Trygve bondemann har til tider skifta delar av sitt mannskap av ulike grunnar. Nye kostar feiar vel best! Blant anna har ei raudnissekone frå Stavanger fått ansvaret for skule og opplæring i nisseheimen. Mest som ei tante Sofie i Kardemommeby, har ho teki fram peikefingeren. No er det ikkje dei tre røvarane, Kasper, Jesper og Jonathan, som får « fingeren», men skulen, den norske.

- For mykje skjermbruk, sterkt fallande resultat i viktige skulefag (norsk og matematikk) og aukande uro i skulekvardagen. Dette vil ho til livs, og det kan vera på tide. Boka, papir og blyant må meir tilbake. Dette lyder som manna frå himmelen, for ein som har hatt skulen som arbeidsplass i eit halvt hundreår. Når det nye er freista, vert det gamle best, seier visdomsordet.

MEN, så er det dette med kunstig intelligens. Kanskje den vil ta plassen og «daudkøyra» den menneskelege intelligensen, den som har ført til utvikling gjennom årtusen. Skremmande perspektiv!

Artikkelen held fram under annonsen.

No ved starten av eit nytt år, kan ein prøva å sjå i glaskula, men det meste flyt, så det er vanskeleg å få svar, trur eg. Rett nok lova Jonas den raude i si nyttårstale, at det skulle bli betre dette året, og så får vi håpa det!

Godt og fredfullt nytt år! Det trengst, for det er ikkje akkurat fredeleg i den verdsvide nisseheimen no for tida.