Den ikoniske posteren frå 1943 vart seinare brukt som symbol for kvinnebevegelsen.

Norske kvinner på europatoppen i likestilling

Norge er det landet i Europa som byr på best vilkår for kvinner i arbeidslivet. Ingen av dei andre europeiske landa slår oss på kombinasjonen av yrkesdeltaking, tilgang til leiarstillingar, vilkår for å kombinere barn med jobb og likestilling generelt.

Ei internasjonal kartlegging som er gjort no i framkant av kvinnedagen syner at det er kombinasjonen av dei ulike faktorane som gjer at Norge scorar høgast. Me er ikkje åleine om å gje kvinnene ein sjanse i samfunnet, og fleire land scorar høgare enn oss på enkeltpostar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser ein på totalen så er rekkefylgja Norge, Island og Finland på dei tre øvste plassane. Island, til dømes, er i denne kåringa landet som har høgast andel kvinner i arbeidslivet, og som har vore flinkast til å tette den generelle kjønnskløfta i samfunnet. Finland scorar, som Norge, jamt godt på det meste.

Kvinnenes plass i arbeidslivet er ein funksjon av den teknologiske og politiske utviklinga i tida etter andre verdskrigen. Omlegginga til mekanisert landbruk, og overgangen til moderne og lettstelte bustader, gjorde det mogleg for tusentals kvinner å sjå seg om etter arbeid utanfor heimen.

Les også
Set fokus på kvinnelege leiarar: – Korleis er situasjonen i Hallingdal?

Utdanningsrevolusjonen slo også inn. Auken i talet på vidaregåande skular som gav studiekompetanse, og etableringa av Statens lånekasse for utdanning, leia store deler av ungdomskulla over i høgare utdanning. Denne utdanninga måtte brukast til noko, og samfunnet, som stadig trengde meir utdanna arbeidskraft, tok gladeleg i mot. Spørsmålet om kjønn vart mindre relevant.

Samtidig fylgde Stortinget opp. Me fekk lovar og ordningar retta inn mot at kvinnene skulle ha både plass, og handlingsrom, i samfunnet. Mange hugsar dei politiske slaga om ulike rettar, og kampen mot kjønnsdiskriminering. Bak alt me feirar på kvinnedagen fredag ligg det harde og viktige slag. Slaga om det me i dag tek som sjølvsagt.

Les også
Kvinneslit og arbeidsglede

Men kjønnsrevolusjonen var også ein stille revolusjon. I hvert fall etter at rammeverket kom på plass. For dei fleste handla det rett og slett om solid allmennutdanning kombinert med det faktum høgare utdanning ikkje lenger var avhengig av inntekta, eller formuen, til foreldra.

Det er summen av alt dette som ligg til grunn for at me toppar ei internasjonal kåring som breitt vurderer vilkåra for kvinners yrkesdeltaking.

Les også
Markerer kvinnedagen i Lindmostil: – Det handlar ikkje om bue ut mannfolka