Norge får fem månader til å innordne seg

EU vi stramme opp den norske kraftpolitikken. Energikommissæren i EU, Kadri Simson, var i Norge i mars for å setje på plass regjeringa og Stortinget. Kravet er at Norge må bygge fleire utanlandskablar, slik at eksporten av kraft kan aukast.

Ifylgje Nationen mottok energiministeren i etterkant av møtet eit brev der Norge, og dei andre EØS-landa, får fem månader på seg til å vedta EUs reviderte fornybardirektiv. Dokumentet er ein del av det som kallast energipakke 4. I praksis betyr det å knytte Norge endå tettare til omsetningen av energi innanfor EU.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kraftsjokket for to år sidan skapte stor interesse for kva kraftkablane, og avtalene med Europa eigentleg fører med seg. Til då hadde handelen gått fram og attende i ledningane, utan at nokon brydde seg særleg om det. Fyrst når kraftnæringa hadde selt vinterforrådet, og det vart krig og mangel på energi i Europa gjekk alvoret opp for dei fleste.

Energistatsråden måtte gang på gang svare folket i ulike debattar. Forklaringa på prissjokket var lite nedbør og krig i Europa. Når det gjeld utanlandskablane vart me heile tida forsikra om at Norge har handlingsrom innanfor EØS-avtalen til å styre eksporten sjølv.

Til no har me sett lite til dette handlingsrommet. Det kan skuldast at EU rett og slett ikkje er samd med den norske regjeringa i at det finst eit slikt handlingsrom, innanfor avtaleverket. Ihvertfall er det råd å lese energikommissæren slik, all den tid ho faktisk trugar med sanksjonar dersom me ikkje innrettar oss.

Eit av krava frå Europa syner med all tydelegheit at EU ser for seg langsiktig makt over utviklinga av kraftsektoren i Norge. Ifylgje NVE vil direktivet som no skal pressast igjennom bety omfattande endringar av korleis konsesjonar for kraftutbygging i Norge skal handsamast. Mellom anna skal krava til konsesjonsutgreiingar senkast. Det same skal tida til høyringar. Begge deler grip heilt klart inn i det demokratiske fundamentet som norsk kraftnæring har vore bygd på til no.

Debatten om dette slår neppe inn før prisen på vinterstraumen er klar. Då er det truleg for seint. Neste runde blir dermed stortingsvalet neste år. Men me spår at EU- og krafta neppe vil prege valkampen i særleg grad. Korkje Arbeiderpartiet eller Høgre ynskjer fokus på, og folkeleg forbanning om, denne saka. Til naud vil det handle om litt småkjekling om kor mange øre det skal gjevast i straumstøtte.