Dette biletet er frå valdagen i 2021. Me håpar det blir lange køar ved stemmeurnene til lokalvalet kommande haust.

Nei, det er ikkje vitskap - men tendensen er interessant

I dag står lokalpolitisk meiningsmåling på menyen i Hallingdølen. Du får servert rykande ferske tal, som skal gi eit signal på korleis partia i nettopp din kommune ligg an før haustens kommuneval.

Me skal ha dette med oss: Ei meiningsmåling er ingen vitskap, og folks meining kan snu mange gonger før valet. Det er enno tidleg på året, og partia har knapt rekt å snikre i hop eit partiprogram - langt mindre starte valkamp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likevel er det interessant å sjå ein tendens. Senterpartiet og Arbeiderpartiet får ein dupp i heile regionen, med unntak av Flå (Sp) og Nesbyen (Ap). Me ser også at Høgre generelt går fram. Den nasjonale tendensen treffer med andre ord også Hallingdal, om enn i mindre grad.

Før me grev oss ned i statistikken er det også viktig å hugse at i små kommunar vil det alltid vere større feilmargin enn undersøkingar gjort i større skala. Til dømes er feilmarginen i Flå, som den minste kommunen, heile 13,5 prosent. Me understrekar det derfor igjen: Meiningsmålingar er ikkje vitskap. Les statistikken du får servert i dag med klokt blikk.

Me meiner likevel dette er ein god måte å sparke i gang valåret på, og håpet er at ei slik måling ved inngangen til valkampen skal få folk til å engasjere seg.

Eit funn me har gjort gjennom meiningsmålingane er nemleg at svært mange av dei som har blitt spurt seier at dei ikkje har bestemt seg for kva dei skal velje. Dette bør dei lokale partia ta som ei utfordring. Det sit ei rekke potensielle veljarar på gjerdet, som lokalpolitikarane har høve til å overbevise. Meiningsmålinga vil setje i gang nokre diskusjonar, som me håpar vil lokke fleire inn i den politiske debatten.

Det viktigaste når me kjem til valet er trass alt at flest mogleg faktisk tek turen til stemmeurnene. Hallingdølen lovar å gjere vårt gjennom valåret ved å halde sterkt fokus og høgt trykk på lokalpolitikken. Me håpar så mange som mogleg vel å engasjere seg i den offentlege debatten, og skal gjere vårt beste for å legge til rette slik at flest mogleg har eit godt grunnlag for både å meine noko og stemme ved valet.

Dette blir heller ikkje den siste meiningsmålinga. Me lovar å ta tempen endå ein gong før valdagen.