Naturvennleg hytte

For å ta det negative først. Vegen frå dalbotnen, opp lia og innover flatfjellet til vassmagasinet kan neppe kallast naturvennleg, heller eit sår i landskapet.

Det får kraftutbygginga ta skulda for. Utan kraftutbygging høgst truleg ingen veg. Vegen vart bygd som anleggsveg i 1960-åra, og hyttebygging kom deretter som eit biprodukt av denne vegen. Vegar inne i hyttefeltet kjem litt i same kategorien. Men vegane der er smale, bygde etter lendet med minimale skjeringar og fyllingar og ligg i urørt skog og er såleis bra gøymde.

Elles er det meste positivt sett frå naturvernomsyn. Hytta ligg i blandingsskog opp mot snaufjellet. Som for alle dei andre hyttene i feltet vart plasseringa på tomta bestemt av arkitekt slik at ho ligg der ho gjer minst av seg og slik at ein berre skimtar andre hytter i feltet. Hytta er lokalprodusert, einetasjes og mørkbeisa og har småvorne vindauge, og trekantglas øvst i gavlveggen berre der det er veranda med tak over. Med tre-tak, låg og anonym og gøymd i skogen. Ei glenne gjev utsikt til fjerne høgfjell. Skogen og vegetasjonen elles godt som urørt. Furu er freda i feltet. Gjerde er ikkje tillate.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grasvekst

Sjølvsagde påbod seinare frå styresmaktene om vatn og kloakk førte til at det måtte lagast veg frå dei felles parkeringsplassane inn mot kvar hytte for tømming av oppsamlingstankar. Denne siste vegstubben inn mot hytta er tilsådd, slik at vegen ser ut som ein gammaldags kjerreveg med grasvekst mellom hjulspora. Tank for gråvasshandtering og tank for svartvatn er nedgravne, og området der har fått køyrt til jord på topp som er tilsådd og grasbunde. Elektrisitet framført i kabel frå næraste stolpe i skogen, og frå felles pumpehus vassrøyr med varmekabel. Alt er nedgrave og jamna og sådd til med gras, og etter kvart kjem kjørr og bjørk.

Det einaste området vart brukt til før, var beite for sauen åt éin grunneigar. Inntil dei siste åra har me hatt sau rundt hytta i blant. No er det slutt. Hamna vart berre betre etter at hyttefeltet kom. Sauen gjekk gjerne der det var tilsådd gras, så det var tydeleg at dei likte det graset betre enn det som var der naturleg.

Også haren stortrivst. Hytta står på stolpar på fjell, og under hytta blir det ein ynda tilhaldsstad for haren. Der er det tydeleg at dei kjenner seg trygge, dei har no eingong utgangar til alle kantar. Opp til tre hareungar samtidig har me hatt selskap av. Me ser dei same over ein periode, så truleg er dei fødde under hytta og høyrer til her. Dei beitar på det tilsådde graset rundt hytta like ved oss om me sit ute.

Elg

Haren ser me året rundt. Elgen er ein sjeldan gjest, men to gonger har me sett elg like inntil hytta. Eine gongen gav han seg til så pass lenge at me vanst på å ta bilde. Her ein vårvinter var det spor i snøen på den vesle myra like bortanfor hytta etter paringsleiken åt måren. Ein gong hadde me hengt eit brød i ein plastpose på utveggen av hytta. Da hadde måren vore der om natta og forsynt seg. Me hadde berre dette brødet, så me skar av litt der måren hadde ete, la brødet i steikeomnen att eit bel, og åt det måren ikkje hadde greidd. Triveleg å dele måltid med ein mår!

I alle år har me hengt opp fuglekasser, og i år hadde me svart-kvit flugesnappar i den eine og kjøttmeis i den andre. Trosten ordnar seg sjølv med reir på takåsane år om anna. På uthusveggen har me ei hylle der me matar fuglane. Me har stadig besøk av småfugl som kjøttmeis, granmeis, spettmeis og dompap. Av litt større fuglar den vakre nøtteskrika og den tillitsfulle lavskrika. Ho kan bli nesten handtam. Ekorna er flittige gjester. Det plar aldri ta lange stunda før dei er der når me har lagt ut mat på brettet. Det er stor underhaldning å fylgje med på akrobatikken deira.

Rev

Me har hatt oppe viltkamera nokre gonger. Da fekk me sjå at også raudreven kjem inntil hytta. Reven er så pass listig og varsam at han syner seg ikkje fram på dagtid. Reven har me elles sett berre ein gong. Det var ut på haustkanten, så det var nok ein uforsiktig årsunge.

At orren spelar på toppen av grantre ved hytta, og sjå rype på uthustaket er av dei store naturopplevingane. I to år nyleg var det haukugleår. Da kunne me fylgje med ugla når ho kom med smågnagar i nebbet for å mate ungane i reiret i toppen av ei gammal, avbroten furu like utanfor hyttetomta. Sist haust såg me ein sporvehauk på næraste grantopp. Eitt år hukra ei perleugle i vekevis frå uglekassa ti meter frå hytteveggen, men fekk ingen make.

Me vågar den dristige påstanden at også ei hytte med moderne fasilitetar kan vera naturvennleg. Bevis har me vel ikkje, men me meiner å ha sterke indisium når me kan bruke både fuglar og tamme og ville dyr som vitne på at det berre er greitt at hytta er der! Dei som naturleg høyrer til, trivst ved hytta, og me trivst i lag med dei.

Artikkelen held fram under annonsen.