Naturen i Hallingdal får ein viktig stemme

Etter lang tids jobbing har me fått fleire i Hallingdal ut av skåpet som naturvernarar. Det seier veteran i faget Martin Lindal. Han har i lang tid fronta arbeidet med naturvern i dalen, mellom anna gjennom Naturvernforbundet i Buskerud.

Me forstår gleda hans. Etter mange år med einsam kamp, var det garantert godt å møte 17 likesinna, som vart med og stifta lokallaget til Naturvernforbundet i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette var på, høg tid også for Hallingdal. Me har fleire gonger etterlyst eit slik innslag i floraen av lag og foreiningar. Rett nok har det tidlegare vore slike lag omkring i kommunane, men aktiviteten har vore meir varierande låg, enn stor.

Naturvern er inga ny oppfinning. Kampen starta for alvor i forkant av 70-talet. Miljø-ikonet Markagrensa rundt Oslo har røter attende til 1934, og vart lov i 1976. Difor er det på sin plass å spørje om kvifor det gjekk heilt til 2023 før Naturvernforbundet fekk lokallag for heile Hallingdal.

Svaret er enkelt. Naturvern er ubehageleg. Me tviler ikkje når ein annan veteran, Per Furuseth frå Geilo, kan fortelje om alt frå langdryge prosessar, til usaklegheiter og forkynte ynskje om ein pinefull død.

Den som stiller opp for naturen i Hallingdal utfordrar fort både utbyggarar, som vil tene pengar, og politikarar som ynskjer seg arbeidsplassar. I eit område der to av kommunane samanlagt mangla mindre enn ei handfull hytter på at det i 2022 vart teke i bruk ei hytte kvar dag i snitt, seier det seg sjølv at det handlar om mektige interesser.

Rett nok er ikkje biletet heilt svart kvitt. Også dei som bygger og sel hytter, og lokalpolitikarar som vil trekke folk til bygda er avhengig av å kunne tilby urørt natur. Her kan Naturvernforbundet bli ein viktig støttespelar. Det handlar ikkje berre om å peike på ulemper, men også på moglegheiter. Ikkje minst har forbundet styrke når det kan peike på grunnleggande krav som viltstell, bevaring av myr, bruk av lys og vern av fritt himmelsyn.

Det høyrer også med til biletet at det er lokalpolitikarane som har ansvar for arealbruken i kommunane. I dei betente kampane er adressaten det politiske miljøet i bygda. Ikkje den einskilde utbyggar, eller miljøvernar. Det er noko alle sider bør merke seg.

Me ser fram til at det nystarta lokallaget kjem i sving. Me treng ein organisasjon som har naturen som einaste punkt på dagsorden. Me er også overtydd om at ei slik etablering har stor støtte i befolkninga. Vidare er me er også sikre på at laget vil kunne spela ei konstruktiv rolle i samfunnsutviklinga i Hallingdal.