Svarten og Arne Horge. (Hesteeigaren litt unnseleg i bakgrunnen.)

Myrjord i kjaften

Det var i sauesanken no i haust. I myrkningi kom eg på heimveg innantil åsen. Eg fylgde ei gamal timbreslæpe frå då eg hadde vindfallhogst eit par år nett her inne, og i stuv og stein tedde enno far etter stokkar.

Det var den tidi eg hadde Svarten, kom eg i hug, og eg visste at slæpa gjekk ut ei bratt hall og so ned til Slåttetjernet. Dette var snøggaste vegen heimtil.

Serleg i kveldingi likte eg meg aldri ned denne halli. Ho var grovsteinut, og lasset ytte på Svarten, og det bar beint ned mot Slåttetjernet. Snjøen gjorde vegen slettare, og det stod ein ljoske frå snjøen, det var so, men ute i det isdekte Slåttetjernet var det eit svart tiuhol i det kvite som stirde upp og stundom gav frå seg vond lukt, og eg visste at kring Slåttetjernet var det botnlaus blautmyr både for mann og hest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg sat på lasset, og ein kald otte kom meg i bringa. Nede vikte eg Svarten kvast tett innåt dei høge grænane i myrkanten som stod med lange kvistar radt ned til stuven. Eg rekna med at rot-tægane frå grænane vilde vera til hjelp so ikkje Svarten sokk.

Fast og trygg

Og eg gjorde meir. Når fyrste snjøen var komen, trødde eg veg over myri nedan Slåttetjernet for at telen skulde få tak og gjera vegen fast og trygg. Og eg saga burt greiner frå dei store grænane i myrkanten for at Svarten skulde få koma mest mogeleg inn på fastmark, og greinene drog eg med meg ut på myri der vesle bekken frå Slåttetjernet kom langt nede under torvkanten, og eg trødde kvistar og snjø i hop over det svarte surklande vatnet. Og heile tidi hadde eg den kalde otten og tvilen med meg.

Kunde det eg stelte til koma til å brotne under lasset og Svarten og meg, til eg og hesten fann oss atte kavande hjelpeslause i botnlaus myr som fylte nasen og kjaften og svelget med myrjord og vondt vatn og kvævde oss til me båe låg livlause nedan Slåttetjernet.

Skræmde meg

No, so ein føretju* år seinare, kom eg åleine i myrkningi, sau hadde eg ikkje funne, og steg for steg ned den bratte halli skræmde eg meg sjølv med at kvart steget tok meg nemmare dauden, men alt gjekk sjølvsagt godt og vel, og eg kom velberga fram til det djupe smale bekkjelaupet ut or Slåttetjernet.

All kvisten som eg hadde drege med meg og trødd ned i bekkjelaupet var sjølvsagt burte for lengje sidan. På kantane var langt turt og hålt storrgras. Eg stega godt ut og hoppa over, men gleid med det same på storrgraset og laut veive med armane på hi sida for å finne jamvekti, og gjekk so snøgt vidare. På trygg fråstand skratta eg ovmodigt attende åt bekken: »Du nådde ikkje i meg no heller du!»

*"føretju" (40)