Myra må beskyttast

Miljødirektoratet foreslår forbod mot nedbygging av myr. Dette vil kunne hindre frigjering av klimagassar som har vore lagra i tusenvis av år, sikre framtidig karbonbinding og bidra til at over 600 artar på raudlista får behalde bustaden.

Eit forbod som omfattar all myr, vil svare til ni prosent av det totale arealet i Norge. Det høyrest lite ut, men trekkjer ein ifrå areal, som er uaktuelt for utbygging grunna geografi, klima, eller høgd over havet, så er det ikkje lite areal me snakkar om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunane har i dag sett av 164 kvadratkilometer myr til utbyggingsformål. Dersom alt dette blir utbygd, vil det gje eit samla klimagassutslepp på mellom 19 og 55 millionar tonn CO₂-ekvivalentar. Til samanlikning var dei norske klimagassutsleppa i 2022 på 48,9 millionar tonn.

Les også
Strammar til - foreslår forbod mot nedbygging av myr

Ei myr er rask å rasere, men seig å få attende. Myr legg grovt sett på seg ein millimeter i året. I motsetning til skog, er myr også eit svært stabilt karbonlager.

Forbod mot nedbygging av myr, vil også ha negative sider. Viktige samfunnstiltak, som til dømes vegar, krev sin plass. Forbod mot bruk av myr, vil utan tvil også føre til press på både matjord og skog.

Presset frå utbygging av infrastruktur vil likevel vere kurant å handtere politisk. Dei store utfordringane vil koma frå ynskje om areal til ulike kommersielle tiltak, som bustader og anlegg for handel og produksjon.

Les også
Over og ut for myruttak: – Det er vanskeleg å gjera noko anna

Det er kommunane som disponerer areal. I eit kommunestyre er det alltid vanskeleg å sjå bort ifrå argument om arbeidsplassar og aktivitet. Ei opning for bruk av myr i særskilde tilfelle, vil føre til at det blir mykje særskild omkring i landet.

Det er likevel ingen tvil om at det kjem, og bør kome, ei innstramming i bruken av myr. Kor mykje vil avhenge av den komande politiske prosessen rundt framlegget, som Miljødirektoratet har laga på oppdrag frå regjeringa.