Moderne tider krev sine offer

I gamaltid-verda var offer vanleg. Når jakta ikkje lukkast, når regnet eller tørken hadde vara så lenge at avlinga slo feil eller når sott og pest og død truga, vart det ofra til det dei oppfatta kunne koma dei til hjelp.

Den siste resten me såg av gamle offerskikkar, var å setja ut graut til nissen på låven. Før den tid var ofring av øl til tomtekallen vanleg. I båe tilfelle var bakgrunnen å sikre seg at nissen eller tomten passa på buskapen og garden, og at dei drog goda til garden og ikkje frå, som dei kunne gjera om dei ikkje vart blidgjorde.

I stygg-gamal tid kunne ofra vera så mangt. Til dømes hjarta frå dyret dei hadde drepe eller korn frå avlinga. Hjelpte ikkje det, kunne dei ofre eit levande dyr. Men vart dei enno ikkje hjelpte, kunne ofring av menneske skje.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tusenvis år har folk drive med menneskeofring. Menneske har vore sett på som det mest betydingsfulle offeret. I fyrste omgang vart kanskje ein træl eller eit barn ofra. Vart det ille nok kunne dei ofre kvinner, og i ytste fall menn, for å tilfredsstille maktene i håp om å få leva i lykke og velferd.

Også andre måtar enn ofring kunne bli brukt for å halde seg inne med maktene. Her i landet vart det bygt hov, og i rikare land fine slott som bustad og til ære for gudar og makter.

Hard kost

Det var hard kost å få servert på skulen når ein lærde og las om menneskeofringar. Skremmande å bli klar over at menneske kunne vera så grufulle mot kvarandre at dei tok menneskeliv i håp om sjølve å kunne leva vidare som lukkelege menneske. Det må ha vore uhyggeleg fæle tider, og i sitt indre ynkast ein over stakkarane som levde i slike tider og prisa seg utruleg heldig som fekk leva i ei tid da slikt ikkje går føre seg.

Men – så vaksnast ein og fekk litt større vidsyn. Da vart ein var at i våre dagar òg, går det føre seg underlege hendingar. Det finst noko som er så verdfullt at det blir bygt svære bygningar til det, med plass til mange av same slaget, anten under bakken eller i høge hus som berre er til det bruket å ta vare på dette verdfulle. Ved mest kvart bustadhus, både i byane og på landsbygda, er det bygt eit særskilt hus for denne verdfulle.

I gammaltida gjekk folk når dei flytta seg. Ein og annan hadde råd til å ha hest, så mannen kunne ri, mens kjerring og ungar fekk ta seg fram som best dei kunne. Nå brukar me dette nye til å flytte på oss.

Striper i lendet

Men det nye trivst ikkje med å ta seg fram i lendet. Heller ikkje etter stigar eller sleper. Nei, det er ikkje tilfreds før det blir laga breie striper i lendet, striper som er slette som eit golv og laga til slik at bakkane ikkje er for bratte og svingane ikkje for tverre.

Dette nye me tek oss fram i, er ei blikk-kasse med hjul under. Men merkeleg nok har det eit slags liv, så det tek seg fram for eiga maskin. Det styrer seg ikkje sjølv, så ein av dei som sit i kassa, bestemmer målet og farten og ser til at det er klaring til blikkassene me møter. Slik blir me flytta langsetter denne flate og breie og lange stripa i lendet. Samanlikna med farten me brukte den tid me gjekk, går det rasande fort. Og i same ville farten kjem dei me møter. Oftast med ei klaring på ein meter eller så, stundom ikkje.

Hesten måtte ha mat, helst havre. Også dette nye vedunderet må fôrast. Fôret pumpar me opp frå langt nedi jorda eller djupt under havet. Og når dette nye har ete, slepper det ut gass, akkurat som hesten gjer, berre i mykje større og farlegare mengder.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så langt høyrest likevel dette nye ut til å vera noko vedunderleg noko som me kan bruke til å flytte på oss på ein rask og lettvinn måte. Men tenkjer me litt vidare, blir bildet brått eit heilt anna.

Offerdyr

For dette nye stiller krav. Vedunderet gjer ikkje jobben gratis. Det krev mengder med offerdyr. Men også menneske. Her til lands og i verda elles. Det skil ikkje mellom fattig eller rik, ung eller gammal. Alt frå stakkaren som sjanglar ut i gata og blir køyrd ned, til prinsesse Diana. Frå eit barn intenst oppteken av leiken, til ein sløv olding. Eller kven som helst som blir utsett for at blikkassene tørnar i kvarandre. Dei det tek flest av, er gutar i tjueåra.

Det er ikkje lite det forlangar. Det er ikkje nøgd med eit menneskeliv ein uhyre sjeldan gong. Nei, det forlangar mengder. Her i landet får over hundre kvart år denne skjebnen, og i tillegg blir mange fleire skadde. I verda totalt er det snakk om 1,3 millionar døde årleg og eit enda mykje større tal på skadde.

Dei skadde eller drepne får ein tittel: Trafikkoffer. Offer for og offer til dette nye vedunderet. Eller den nye avguden? Aldri har menneskeofringa vore større enn i dag.