Me treng ikkje fleire møte om narkotika no

Narkotikabruken blant ungdom skapar uro. Seinast i møtet mellom formannskapet i Hol og politiet i Hallingdal, før helga, vart problema stadfesta.

Hallingdølen har, etter påske, publisert fleire artiklar om temaet. Ulike uavhengige kjelder stadfestar at narkotika er lett tilgjengeleg i lokalmiljøet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom dette er rett, så skuldast det at nokon har laga eit system der ulovlege rusmiddel kan omsetjast greitt, også i gjennomsiktige bygder som våre. Forklaringa kan, til dømes, vera at det er mogleg å bestille stoff via smarttelefon.

Bestillingshandel krev også distribusjon. Sidan det ikkje blir meldt om synlege leveringar, er det grunn til å tru at det kan handle om «daude postkasser». Slikt historieinteresserte kjenner frå den illegale verksemda under krigen.

Metodane som blir nytta er likevel underordna. Det essensielle er at dersom bruken av narkotiske stoff aukar mykje, så betyr det at større mengder av dette finst ein eller fleire stader i dalen. Det er i så fall trygt innanfor lista av prioriterte gjeremål for politiet.

Les også
– Me veit at kommunane er opptekne av narkotika. Ver trygg på at politiet støttar uroa

Omfattande omsetning av narkotika har også ei anna og utriveleg side ved seg. Verksemda er ulovleg. Til meir omfattande den er, desto fleire er involvert i sal og distribusjon. Då snakkar me om kriminelle nettverk.

Fenomenet er ikkje noko me ynskjer at får fotfeste i lokalmiljøet. Me snakkar trass alt om hard kriminalitet, der aktørane ikkje går av vegen for å bruke vald, når «butikken» skal beskyttast. Det er endå ein grunn for politiet til å auke innsatsen.

Rett nok har det vorte vanskelegare for politiet å slå ned på små mengder til eige bruk. Men narkotika er framleis ulovleg, og kjøp og sal skal framleis vere et prioritert felt for politiet.

Les også
– Me har prøvd å åtvare om at me snart kjem til å sjå overdosar blant svært unge

Kampen mot narkotika har til no i hovudsak føregått gjennom haldningsskapande arbeid. Dette er verdifullt og rosverdig. Ikkje minst er appellane om at foreldra må fylgje meir med på kva dei unge driv med, ei god oppskrift.

Denne oppskrifta har vorte formidla frå ei lang rekke møte om narkotika gjennom svært mange år. Samtidig er signala både ute i bygdene, og ifrå dei som arbeider med temaet, at bruken av narkotika likevel har auka mykje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er all grunn for politiet til å ta tak i dette.

Les også
Ungdom om narkotika: – Det er skummelt kor mykje det er. Det pratast som om det er heilt vanleg