Me som bur langs Bergensbanen må framleis sjå langt etter raskare samband mellom Hønefoss og Oslo.

Løftebrot og røveri

Løfta, garantiane og avtalene som er gjort om Ringeriksbanen, er framleis utan verdi. Framlegget til statsbudsjett gir oss assosiasjonar til filmklassikaren om «Det store togrøveriet», som skjedde i Storbritannia i 1963. Framsida i dag er laga som eit skråblikk på heile historia, eller farsen om du vil, om Ringeriksbanen.

Medan det var den herostratisk vidgjetne Ronald Biggs som stod bak togrøveriet i 1963, er det no regjeringa med trioen Jonas Gahr Støre, Trygve Slagsvold Vedum og Jon-Ivar Nygård som har sendt banen attende i køen av jernbaneprosjekt. Den forrige regjeringa hadde teke mål av seg til at selskapet Nye Veier skulle bygge både bane og veg. Rett nok utan at det kom løyvingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den noverande regjeringa deler opp igjen prosjektet. Bygginga av jernbanen blir flytta attende til Bane Nor. Det kan høyrest uskuldig ut - men det er det ikkje. Ringeriksbanen, som er tildelt moteordet «gryteklar», blir no sendt attende i køen av jernbaneprosjekt, og må gjennom ein ny prosess i Nasjonal Transportplan (NTP) for å koma på sporet att. Det vesle forspranget prosjektet hadde, er borte.

Samferdselsminister Nygård grunngir det heile med at det har synt seg mindre fordelaktig å bygge veg og jernbane samtidig. I klartekst seier han at strekninga mellom Sandvika og Hønefoss får klare seg med betre vegstandard.

Hovudforkjemparen for Ringeriksbanen i Hallingdal, tidlegare regionrådsleiar Knut Arne Gurigard, har erfaring med nedturar for prosjektet. Han har også vore raus med ros når pilene i blant har peika i rett lei. No nyttar han ordet flaut. Regionrådsordførar Solveig Vestenfor seier det er frykteleg skuffande. Trond Helleland (H) kallar det offentleg pengesløseri. Me er fullstendig samde med alle tre.

Framlegget i statsbudsjettet kom ikkje overraskande. Ringeriksbanen er ikkje på noko slags vis «framsnakka» av samferdselsministeren frå Østfold.

Innkortinga av Bergensbanen har stått på staden kvil i 75 år no. Den nyare delen av historia, starta med avtalebrotet til Ap, då statsråd Kjell Opseth i 1992, lova bane i bytte mot at E16 vart lagt gjennom Valdres og Lærdal.

Drugt 20 år etter arrangerte den fyrste regjeringa til Erna Solberg oppstartsfest på Sundvollen. Med kake – men utan pengar. Det siste i serien aldeles håplause løfte, kom då stortingspresident Masud Gharahkhani i ein valkamp-video sist haust stilte seg som garantist for bygging.

Etter vårt syn vil denne saka vere ein skamplett for Arbeiderpartiet i lang tid framover.