Lemfeldig og farleg behandling av praktbygg

Kyrkja i Nesbyen er ei av dei største i bispedømmet. Nesningane er stolt av det flotte bygget på nesflata, noko dei burde ha all grunn til.

Med dette som bakgrunn er det ingen tvil om at rapporten frå inspeksjonen som Hallingdal brann - og redningsteneste har utført i Nes kyrkje og i kapellet som ligg inntil er lite lysteleg lesing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avvika er både omfattande og farlege. Det er til dømes ikkje dokumentert interne, eller fagkyndige, kontrollar av nød og leielys som er montert i Nes kyrkje på mange år.

Les også
Brannsløkkingsapparat ikkje kontrollert på 30 år – kapellet har ikkje sløkkevatn

Dette er forstemmande. Nød og leielys er fyste bod for å sikre ei ryddig evakuering av kyrkja dersom det oppstår brann. Ikkje minst ved dei godt besøkte samlingane, i den mørke årstida, er dette heilt grunnleggande.

Kontrollen syner vidare at fleire av brannsløkkingsapparata ikkje er kontrollert etter at dei vart produsert. Brannslangar er siste gong kontrollert 2010. I Nes kapell er det pulverapparat som heller ikkje har hatt fagkunnig ettersyn i løpet av dei siste 13 åra.

Slike saker har gjerne ei moment som set spiss på dei heile. I sakristiet er det montert ei kokeplate i eit garderobeskåp. Ifølgje branninspeksjonen framstår kokeplata, og det elektriske anlegget som er knytt til dette, som permanent rigga til.

I tillegg kan me nemne at brannslangen i kapellet står utan vatn etter eit gravearbeid nokre år sidan.

Det einaste positive i rapporten, sett frå kyrkjeeigarens side, er at det er løyvd pengar til eit sprinklaranlegg. Arbeidet skal vere gjennomført i år. Dette vil vere eit viktig tiltak, som reduserer konsekvensane ved brann, uttaler branninspeksjonen.

Fungerande kyrkjeverje Kjellfred Dekko, har berre har vore i jobben i ei veke. Han legg ikkje skjul på at det er ein del å ta tak i. – Me har kontakt med branntilsynet og er i gang med å lage ein plan, seier han til Hallingdølen.

Det synest openbert at det må til ein solid, og konkret, plan for brannsikring av klenodiet som denne kyrkja vitterleg er.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tryggleiken til publikum som nyttar kyrkja er sjølvsagt det viktigaste. Men det handlar om meir. Ei sak er at kyrkjebygget er eit historisk klenodium. Så lenge kyrkja ikkje er skikkeleg sikra, er den også ei brannfelle for store deler av den øvrige bebyggelsen i Nesbyen sentrum.

Les også
Bygger om «Hallingdomen» - ber om ekstraløyving på 600.000