Petter Owesen, tidlegare styreleiar i Hemsedal IL, fekk kritikk då han signerte kjøpekontrakt og sette i gang produksjon av ei ny trebru over til friluftsområdet Bruøyne. I 2019 måtte han trekkje seg frå vervet i idrettslaget. Men fire år seinare er brua endeleg snart på plass. - Det er oppreising for all kjeften eg har fått. Brua er eit fantastisk prosjekt, seier Owesen.

La han opne brua

Om nokre dagar blir det gjort eit kjempeløft i Hemsedal. 28. mars skal den digre trebrua, som vil knyte sentrum og Bruøyne saman, bli heisa på plass.

Når brua landar på fundamentet og den første tørrskodde turen over Hemsil kan tas, bør nokon og ein kvar sende ein vennleg tanke til Petter Owesen. Brubyggaren, som han litt ironisk og humrande kallar seg sjølv. Utan han hadde det neppe falle ei trebru på plass over elva 28. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Simon & Garfunkel har sin «Bridge over troubled water». I Hemsedal har det meir vore «Troubled bridge over water». Ikkje like harmonisk og musikalsk gjennomført, men trebrua er truleg omtrent like kjent i bygda som slageren frå 1970-talet.

Det har snart gått fire år sidan den skjebnesvangre sommaren som sende Owesen rett ut i ein rivande storm. Både kommunen, idrettslaget og næringslivet ønskte ei bru over til Bruøyne velkommen, til eit stort aktivitets- og friluftsområde. Owesen var styreleiar i idrettslaget, og den 24. august i 2019 vart det kjent at han hadde bestilt ei trebru til mange millionar. Men kven som skulle ta rekninga, visste ingen.

Eit kommunestyrevedtak nokre månader tidlegare hadde sørga for at idrettslaget brått stod økonomisk ansvarleg for heile prosjektet, noko dei slett ikkje ønska. Det gjorde heller ikkje politikarane. Idrettslaget var redd for å bli slått konkurs. Me skjønar reaksjonen, men situasjonen var neppe så dramatisk. Kommunen ville aldri slått sitt eiget idrettslag konkurs.

Sjølv om fleire hadde vore involvert i prosessen, blant anna hadde dåverande ordførar Oddvar Grøthe «casha» ut ein million til brua på såkalla sommarfullmakt, så var det Owesen som måtte ta heile støyten. Han skulle sjølvsagt ikkje ha handla som han gjorde, men at han måtte ta heile smellen aleine framstod urettferdig. Og det skal Owesen ha, han la seg langflat, beklaga så godt han kunne og trekte seg frå vervet i idrettslaget. Meir kunne han ikkje gjere.

I åra som har følgt har han vore nøydd til å tole mange stikk om «skandalebrua». Det er ikkje rart om han var ein glad mann då trebrua endeleg rulla inn med spesialtransport til Hemsedal sist veke. «Ei herleg oppreising etter all kjeften eg har fått», sa han til Hallingdølen.

Brua bør kanskje ikkje heite «Petter Owesens bru», men når den skal opnast håpar me ordførar Pål Rørby slumpar til å ha andre planar. Snora til Bruøyne trebru bør ingen andre enn varaordførar Owesen få lov å klyppe.