l

Kvitt gull – for kven?

I filmen «Det kvite gullet» blir vasskraft jamført med gull og kraftutbygginga i Hallingdal med gullgraving.

Det kan skrivast mykje bra om filmen, men noko er borte, at liksom med anna gullgraving sit somme att med gigantverdiar, somme med smular og somme med berre ulemper. Som i California, Alaska og Australia.

Kuppet i Ål

Filmen byrjar med eit kupp i Ål. I 1913 ville ordførar Ivar Helgesen frå Høgre og banksjef O. T. Ruud ha kraftverk. Bankstyret søkte staten, men fekk avslag. Dei to la då ein plan om at kommunen skulle byggje – i strid med partisyn om at næringsverksemd er for private. Helgesen tok opp saka i kommunestyret utanom saklista, utan kostnadsoverslag og utan å referere avslagsbrevet. På ein snau time gjorde eit amputert kommunestyre vedtak om eiga bygging og lån. «Sjeldan har eit kommunestyre gjort eit vedtak på så sviktande grunnlag», skriv Kåre Olav Solhjell i boka om kraftverket.

Artikkelen held fram under annonsen.

No gir kraftverket pengar. Men i halve tida etter 1913 har kraftverket vore ei tung bør. I boka om helsestellet skriv Øystein Lappegard og Steinar Aa at Ål stod langt bak andre kommunar med helsetiltak. Dei siterer ordførar Breie i 1956, då folk ville ha sjukestove, men kommunen ikkje hadde råd: «Ein må diverre seia at Ål er ein økonomisk svak kommune samanlikna med dei andre kommunane i Buskerud. … Difor må vi og halda ei hard skattlegging med skatteprosent 17 og tabell 2.»

Ålingane fekk altså elektrisk lys, men for det same meir skatt, dårlegare skular og mindre helsestell og eldreomsorg. Kanskje hadde meir demokratisk framferd ført til betre samarbeidsklima og framgang. Det undrar at filmen godtsom utan atterhald framstiller kuppet som klokt.

Grunnoppkjøpa

Like forunderleg er framstillinga av grunnoppkjøpa. Kva gjorde at oppkjøparane Lars Anfinset i Hol og Sevat Thon i Ål fekk avtalar, til dømes om å avstå grunn opptil 30 meter over tidlegare vasstand i Strandavatnet? I filmen blir det forklara med at Anfinset betalte den første raust, og då ville alle selje. Altså var, om me skal tru filmen, den tids grunneigarar pengegriske og lettlurde.

La oss tenkje attende til 1913 og Strønde, som då var ei stølsgrend. Mellom bygder i Hol gjekk kjerrevegar og til stølane berre stigar. Holingar flest hadde aldri sett ein automobil og knapt nok høyrt om sement, dynamitt og tunnelar. Med straum tenkte dei på lyspærer. Ei oppdemming som sette stølane under vatn, verka som fantasiar. Dei skreiv, trur eg, under på dokument med formuleringar dei trudde aldri ville bli noko av.

På sviktande grunnlag

Lenge såg det heller ikkje ut til å bli noko av. Men i 1940 vart Strandavatnet demt opp 4 meter og seinare 24 meter til, i nord vart 12 vatn til eit gigantbasseng, og vatnet frå Urunda og Votna ført i tunnelar til Hovsåsen og vidare i røyr til eit stort kraftverk. I ettertid kan me seie at grunneigarane inngjekk avtalar på sviktande grunnlag. Men i ei demokrati-tenking må me føye til at dei folkevalde både i kommunar og nasjon burde ha forlanga ny handsaming av grunnavståing og fallrettar.

For det var samfunnet meir enn grunneigarane som hadde ansvaret for at kunnskapar om ny tid og store inngrep ikkje hadde nådd utkantbygdene. Men regulanten pressa på, og dei folkevalde lytta til direktørar og ikkje til småbønder. Grunnavståinga kom altså først, anlegga var fase to, konsesjonsbehandling fase tre og erstatningsskjøn sluttfasen. Det vart Helgesens åtferd om att. Ikkje fordi folk var naive, men fordi eliten heldt informasjon unna.

Om kommunane får litt att for kraftutbygginga, sit dei som fekk demt ned grunn og måtte flytte stølar eller avvikle, og bygder med turre elvelaup, att med svært lite anna enn tap og ulemper. Som rundt gullgruvene i California, Alaska og Australia.

Synsmåtar som ikkje kjem fram

Samfunnshaldningane til kraftutbygging i fjellbygder endra seg nokre tiår etter krigen. Etter Nore og Hol og Vinstra og Tokke såg Stortinget at ulemper for grunneigarar og bygdefolk måtte gjerast så små som råd, og det som stod att, måtte kompenserast. Aktivt arbeid frå bygdekommunar, med vakne ordførarar som Aslak Versto i Vinje, Gunnar Glesne i Nore og Uvdal og framom andre Osvald Medhus i Hol, stod bak. Veksande natur- og distriktsinteresse spelte også inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medhus har vore ei hovudkjelde for filmskaparane, og hans arbeid for balanse mellom storsamfunn og fjellbygder blir med all rett rosa. Men synsmåtane han målbar med stor innsikt i sine siste tiår, er ikkje med. Vasskrafta kostar 10-12 øre kilowattimen. No får brukarane straumrekningar på ti og tjue gonger dette. Det som ligg mellom, forsvinn til norske og utanlandske storselskap.

Samfunnskontrakt

Når eg møtte Medhus, prata han alltid om dette. Han følte at han hadde vore med og ført sambygdingane bak lyset. Det han og andre aktørar såg som ein samfunnskontrakt, vart sett til sides då storsamfunnet gjorde straumen til internasjonal børsvare. Éi setning bør me lære utanåt, sa og skreiv han: INGEN GENERASJON HAR MORALSK RETT TIL Å SELJA EIN NASJONS FORNYBARE OG EVIGVARANDE RESSURSAR. Sa han ikkje det same til filmprodusentane? Eller valde dei å sjå bort frå det, og i tilfelle kvifor? Medhus har gått ut av tida, så spørsmålet blir kanskje ståande utan svar.

Det er altså ein vesentleg skilnad mellom vanleg gull og vårt kvite. Gullgruva blir tom. Det kvite gullet skaper nye verdiar kvart einaste år. Når marknadsverdien av krafta blir mangedobla, må også tilrettelegging og kompensasjon for dei som leverer vatnet, følgje med. Og dei som leverer vatnet, er ikkje berre kommunane, men grunneigarar og fjellbygder.