Tidlegare statsminister Erna Solberg, Høgre, var fyrste kandidat så kontrollkomiteen i Stortinget denne veka ba henne og fire tidlegare statsrådar frå Arbeiderpartiet gjere greie for handteringa dei ulike habilitetssakene dei har drege på seg.

Kvifor sat dei eigentleg der og vart grilla?

Fire statsrådar og ein tidlegare statsminister sat tysdag i Stortinget og forklarte seg om brot på reglane for habilitet. Kvifor steller erfarne politikarar seg slik? Ved nærare ettertanke er jo det heile i overkant dumt.

Me har fått med oss det openberre. Utnemning av venner til gode stillingar, handel med eigne aksjar eller ein ektefelle som handlar aksjar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg måtte noverande statsminister forklare kvifor han ikkje passa godt nok på undersåttane.

Det forbausande i desse sakene er at dei handlar om brot på den enkle logikken som er knytt til samanhengen mellom samfunnsstyring og eigne interesser.

Alle skjønar at det ikkje er akseptabelt å foreslå viktige verv til vener og kjende, for så i neste runde avgjere kven det blir. Det er også lett å sjå behovet for å sikre vasstette skott mellom styringa av samfunnet og verdien av eigne, eller familiens, private investeringar.

Det er rett og slett ikkje akseptabelt å sikre seg sjølv, ektefelle eller vener, fordelar. Heller ikkje om det skjer utilsikta, eller ved reine uhell. Styringa av samfunnet skal foregå på sikkert vis, også når det kjem til habilitet. Det skal ikkje vere rom for mistru eller mistanke.

Dette er demokratisk barnelærdom. Difor ventar me at folk som meiner seg kvalifisert til å seie ja til ein post som statsråd, eller minister, har dette inne og er i stand til å handtere det.

Dei politiske partia har eit ansvar her. Partia får støtte frå staten ikkje berre for å drive valkamp. Vel så viktig er arbeidet med rekruttering og opplæring av kandidatar til politiske verv.

I dagens mediesamfunn handlar mykje av politikken om å beherske spelet. Nye kandidatar skal lære seg handtering av media, debattar, plassering av saker og utspel, og ikkje minst kunsten å svare snedig på utspel frå motsett side.

Det er gildt å beherske dette spelet. Men politikk er meir enn spel. Det er også å forvalte eit samfunn på ein slik måte at alle kjem likt ut, og får dei same sjansane. Då krevst det traust kunnskap om kva ein kan gjere, og kva ein ikkje kan gje seg i kast med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen meiner det er rimeleg å krevje at ein kvar som tek mål av seg til ein statsrådpost både har denne grunnkunnskapen, og har ryggrad til å fylgje den opp.

Ikkje minst er det eit rimeleg krav at dei som ikkje veit, har kunnskap nok til å spørje.