Kva er det som har skjedd med fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 siste året?

Av Regionrådet for Hallingdal

Etter at tidlegare ordførar i Fredrikstad, Jon-Ivar Nygård (Ap), kom i stolen som samferdselsminister i fjor, vart det bråstopp i arbeidet med realisering av Ringeriksbanen. Alt vart sett på vent. Departementet starta eit bevisst arbeid for å skuve Ringeriksbanen ut på eit sidespor. Det var desinformasjon om prosjektet, og dialogen med Nye Veier var på eit minimum. Dette starta lenge før Ukraina-krig og straumkrise.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me har opp gjennom åra hatt fleire samferdselsministrar som fyrst og fremst har hatt klare mål for eigen region, eller heimfylke. Kjell Opseth er kanskje den dei fleste tenkjer på. Men me har fått ein «verdig» arvtakar. Ein skal vera rimeleg naiv om ein ikkje ser at Nygård framleis er ein lokalpolitikar som har store samferdselsprosjekt i eige fylke, Østfold, langt framme i pannebrasken. Nygård er ein uttalt motstandar av Ringeriksbanen ref. Fredrikstad Blad 19.3.2021, der dåverande Fredrikstad-ordførar Nygård sikta til Ringeriksbanen i avisoppslaget med tittelen «Det største togrøveriet i norsk historie».

Straumkrisa og Ukraina-krigen med sine utfordringar kom på eit perfekt tidspunkt for Nygård. Me trur at helst ville han ha fjerna Ringeriksbanen frå kartet i samband med forslag til statsbudsjett for 2023. Men det vart nok vurdert til å skapa for mykje støy. I staden har samferdselsminister Nygård og Ap/Sp-regjeringa valt ei løysing med litt seigpining og forsøk på ein stille død.

Dersom ein ser på argumentasjon for det strategiske grepet med splitting av veg og bane, er det mildt sagt hjelpelaust og på grensa til feilinformasjon. «Gevinstene ved å bygge dette ut sammen er lavere enn antatt før prosjektet ble overført til selskapet Nye Veier», seier samferdselsministeren. Dette må dokumenterast med reine tal. Lavere enn, seier ingenting.

I tillegg til reine kostnader er det sjølvsagt andre svært viktige effektar som t.d. konsekvensane for lokalsamfunn, ved å ha to separate anleggsperiodar som går over mange år.

Det andre hovudargumentet; «Derfor velger vi å føre Ringeriksbanen tilbake til Bane NOR slik at det kan vurderes opp mot andre jernbaneprosjekter». Det hadde ikkje vore noko problem for Jernbanedirektoratet å legge Ringeriksbanen inn i sine prioriteringar for å vurdere opp mot andre jernbaneprosjekt, dersom dei hadde fått lov til det. Dette er skrivebordsargumentasjon og handlar fyrst og fremst om vilje. For oss er det forunderleg at det blir nytta så lettvint argumentasjon, men Nygård har kanskje ikkje nokon betre.

Det ser ut som om den tidlegare ordføraren i Fredrikstad har fått det som han vil. Det mest gryteklare og av dei mest lønsame samferdselsprosjekta ut i ei svært usikker framtid, færre å dele på i neste runde og med det sikre naudsynte midlar til Østfold. Etter vårt syn er me i denne saka langt utanfor det me forbind med demokrati. Nesten eit samla Storting sa ja til Ringeriksbanen i samband med handsaminga av Nasjonal Transportplan, og i samband med stortingsvalet 2021 var det ikkje måte på lovnader. Ringeriksbanen skulle byggast. Hallingdal og Ringeriksregionen er nok ei gong vorte råka av ein lokalpolitikar som har fått lov å operere på den nasjonale samferdselsarenaen, med alt for stor ryggsekk.

Hallingdal og Ringeriksregionen ville hatt forståing for at prosjektet hadde vorte skyvd eit par år ut i tid på grunn av situasjonen landet står i nett no. Men politisk lureri på nivået Ringeriksbanen er råka av kan ikkje aksepterast!