Korleis skal me bu og kva skal det koste?

Bustad er noko av det viktigaste me gir oss i kast med. Truleg er det berre barn, familie og helse som står høgare på lista. Jobb må etter alt å døme finne seg i den sure fjerdeplassen.

Gode krefter har no samla seg for å utvikle tilbodet av bustader i Hallingdal. Det skjer samtidig med at fleire og fleire, i sentrale strøk blir pressa ut av bustadmarknaden. Ei vanleg god familieinntekt held ikkje alltid til bustad i dei mest sentrale strøka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heller ikkje i vårt område er bustadmarknaden heilt uskuldig og lys. Det er eit lite påakta faktum at mange med berre ei inntekt, eller dei som er einslege med barn, kan sjå langt etter bustaden dei ynskjer seg. Lånet dei kan få innvilga strekker ikkje til.

Også par med kvar si inntekt kan i mange tilfelle sjå langt etter det meste som blir bygd nytt i våre dagar. Ein av meklarane i dalen minna nyleg her i Hallingdølen om at det kan vere betre å vurdere brukt 80-tals, framfor å bli ståande i leigemarknaden. Så får det heller vere kjøkkenøya, og anna i motebiletet, må vente.

Denne veka er det siste høve til å seie noko om korleis bustadmarknaden i Hallingdal bør gå vidare. Anne Nordheim og Bjarte Reve leiar prosjektet der Husbanken, kommunane, regionrådet, fylket og næringslivet er i gang med å sjå på ulike buformer og løysingar, som skal stimulere bustadmarknaden i regionen. Dei vil ha innspel.

Bustadmarknaden i Hallingdal har til nyleg vore tradisjonell. Det har handla om einebustader. Tilbodet av leilegheiter har rett nok eksplodert enkelte stader, men dette er i samanhengen eit nytt fenomen. Det er i fyrste rekke eldre som har veksla inn einebustaden og sparepengane i leilegheit.

I Hallingdølen minner dei to prosjektleiarane om at det finst fleire alternativ enn det me har sett til no. Mellom anna peiker dei på at fleire større kommunar har tenkt på bufellesskap med større fellesareal, møteplassar og ulike praktiske funksjonar som verkstad, trimrom og felles kjøkken. Slike fellesskap kan også vere med på å førebyggje einsemd, minner dei to om.

Dei kan også legge til at eldrebylgja som slår inn vil auke behovet for bustader der fleire kan hjelpe kvarandre med å klare seg sjølv, både praktisk og psykisk. Ikkje minst lokale helsepolitikarar håpar slike løysingar kan lette presset på budsjetta dei strir med.

Bufellesskap er nye tankar i bustadmarknaden i Hallingdal. Som nemnd innleiingsvis så er bustad noko av det mest kostbare me gir oss i kast med. Det betyr at svært få, om nokon, har råd til å feile med bustadinvesteringane.

For mange er einebustad, i eller utanfor byggefelt, trygg materie. Nybygde leilegheiter i sentrumsbygg byr på nokre fleire x-faktorar når det gjeld korleis bumiljøet eigentleg blir, ikkje minst utandørs. Bufellesskap er endå meir nytt og usikkert. Gjort med omtanke er me likevel ikkje i tvil om at det kan fungere fint for mange.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kartlegginga som no skal gjerast er spennande og handlar om eit viktig tema. Hugs at fristen går ut om to dagar.