Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) under presentasjonen av stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2025–2036 i mars i år.

Korleis kan Ap tillate Nygårds lokalpolitiske heime-aleine-fest?

Eitt spørsmål heng over dei fleste andre før behandlinga av Nasjonal transportplan i Stortinget. Korleis kan Arbeiderpartiet godta at Jon-Ivar Nygård styrer Samferdselsdepartementet som om han framleis er ordførar i Fredrikstad?

«Det største togrøveriet i norsk historie» uttalte Nygård i ein kronikk i Fredrikstads Blad 19. mars 2021. Då var han Fredrikstad-ordførar og gjekk kraftig ut mot Solberg-regjeringa som ønskte Ringerike og Ringeriksbanen som den fjerde armen av Inter City.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Nasjonal transportplan, vedteke i 2021, var Stortinget likevel klar. Alle parti med unntak av MDG prioriterte byggeklare Ringeriksbanen i fyrste fireårsperiode. Ap, Sp og SV presiserte til og med i ein eigen merknad, 14. juni 2021, at dei legg til grunn at ambisjonen om Inter City-satsinga på Dovrebanen, Østfoldbanen, Vestfoldbanen og Ringeriksbanen står ved lag.

Ap var med andre ord utolmodig. Dette vart følgd opp med lovnader i valkampen same haust. Me kjenner godt garantien om byggestart i 2022 frå noverande stortingspresident Masud Gharankhani (Ap).

Stikk i strid med det Ap uttrykte i Stortinget og lovde i valkampen, er det fyrste Nygård gjer i statsrådstolen å stoppe prosessen med utbyggingsavtale for Ringeriksbanen. I statsbudsjettet hausten 2022 prøvde han til og med å splitte fellesprosjektet veg/bane, men vart stoppa av SV.

No prøver han i igjen, i ny Nasjonal transportplan.

Men det stoppar ikkje der. Når transportplanen skal opp til behandling denne våren, foreslår Nygård å snu opp ned på det meste.

Fagetatane har følgd opp Stortinget og prioritert Ringeriksbanen fordi dette prosjektet har størst samfunnsnytte. Dette overkøyrer Nygård, som i tillegg til å prioritere det mindre samfunnsnyttige Arna-Stanghelle vil i gang med det ikkje utgreidde dobbeltsporet til Fredrikstad. Ringeriksbanen sender han ut av Inter City og Nasjonal transportplan.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård fører ein politikk stikk i strid med det Stortinget har lagt som føringar, stikk i strid med det Ap har meint og lovd, men heilt i tråd med det den tidlegare Fredrikstad-ordføraren har kjempa for.

Korleis kan Ap tillate at dette skjer? Er det fordi partiet ikkje bryr seg om samferdsel? Er det fordi Jonas Gahr Støre er oppteken av heilt andre ting enn veg og bane?

Artikkelen held fram under annonsen.

I staden for å vera kritisk til at ein tidlegare Fredrikstad-ordførar nærmast ut frå lause lufta vel eit ikkje-utgreidd Fredrikstad-prosjekt, visst nok til 23 milliardar, framfor byggeklare Ringeriksbanen, er det berre klapp på skuldra frå Støre og Vedum. Då Fredrikstad-satsinga vart lansert i media, framheva Støre kor bra det er at ministeren kjenner strekninga Fredrikstad-Oslo.

Dette er ikkje greitt. Demokratiske prosessar må vera tufta på kva Stortinget meiner, faglege råd og kva partia har lovd veljarane sine.

No opplever me ein samferdselsminister som held sin lokalpolitiske heime-aleine-fest i departementet, mens dei føresette ikkje bryr seg. Nokon protesterer, som Ap-ordføraren frå Jevnaker. Det merkelege er at ikkje fleire i partiet set forten ned og seier nok er nok.