Ei kvinne vart funne død og ein mann vart funnen hardt skadd i ein bil i nærleiken av sjukehuset i Elverum rett etter nyttår. Mannen døydde seinare av skadane.

Kor mange kvinneliv må gå tapt før det skjer noko?

Starten på det nye året har vore mørk, med grufullt mange drap - dessverre med kvinner i tragiske hovudroller. Fleire av dei har levd med valdsalarm og besøksforbod mot menn dei har hatt eit forhold til. For å si det mildt: Det er på høg tid med nye og kraftfulle grep.

To eksempel:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ei kvinne vart funne skoten i ein bil i Elverum rett etter nyttår. Mannen som vart sikta hadde besøksforbod mot henne.

* Denne veka fann politiet levningene til ei kvinne i ein utbrent bil utanfor Øygarden. Ho hadde valdsalarm mot mannen som no er sikta for drapet.

Uavhengig av kva forklaringane er, og om det fell ein dom, er det eit faktum at fleire av kvinnene som har blitt drepne i 2024, levde i frykt.

I tilfellet med kvinna som vart funne skoten i bil, er historia rystande. Ho bad om å få valdsalarm etter at den sikta mannen hadde brote besøksforbod mot henne. Men ho fekk nei. Faren for vald var ikkje høg nok, meinte politiet. Om ein slik alarm hadde hindra at drapet til slutt skjedde, får me aldri vite. Men det er umogleg å ikkje tenke tanken.

Ein valdsalarm slik den fungerer i dag, er ingen garanti. Skal den ha ei hensikt, må offeret trykke på knappen om noko skjer. Då blir politiet alarmert. Men kva skjer så? For oss som bur i distrikta er ikkje dette nokon garanti for at hjelpa vil kome i tide. Politiressursane er avgrensa, og skulle noko skje mens patruljen er ute på anna oppdrag, kan responstida vere lang. Skjebnesvanger lang, om alarmen blir utløyst idet gjerningsmannen står på dørstokken hjå valdsofferet.

Mange kvinner - ja, for det er flest kvinner som går med valdsalarm - fortel om ein utrygg kvardag med redsel for å gå ut, konstant frykt for å bli oppsøkt av overgriparen og eit liv som dei må leve i skjul. Ofte også med barn involvert. Me kan berre slå fast at samfunnet har svikta desse kvinnene. Det skal ikkje vere dei som må bere byrda av at andre har gjort ei ugjerning.

Omvendt valdsalarm derimot, er ei fotlenkje som overgriparen må ha på seg. Om vedkommande kjem innanfor ei bestemt sone, til dømes der offeret bur eller arbeider, går alarmen hjå politiet. Ordninga kom alt i 2013, men er dessverre lite brukt. At bruken ikkje er større, er etter vår meining trist. Byrda av å bere ein alarm bør så definitivt ligge hjå overgriparen, ikkje offeret.

Tysdag sa justisminister Emilie Enger Mehl at regjeringa vil framskunde ei lovendring om omvendt valdsalarm, til før påske. Ei slik endring vil gi politiet høve til å gi ut alarmen utan å gå via ein domstol først. Sjølvsagt bør det vere så smidig og enkelt. For spørsmålet er: Kor mange kvinneliv skal me tole å miste før myndigheitene tek nødvendige - og heilt opplagde - grep?

Artikkelen held fram under annonsen.