Frode Scheie har skrive bok om spelavhengigheit og psykisk helse. Han brukar mykje tid på hytta i Nesfjellet - her kan han trekke pusten og finne ro.

Klart det kan hjelpe at nokon vågar vere open og ærleg

– Eg er stolt av meg sjølv, at eg greidde snu det, seier TV-profil og hyttenesning Frode Scheie. Laurdag fortalde Hallingdølen historia til den tidlegare landslagskapteinen i handball, der han i ei ny bok fortel om årelang kamp mot ein sjukdom han meiner treng meir merksemd: Spelavhengigheit.

Det er ei mørk historie han fortel. Det gjekk såpass langt at han til slutt ikkje såg annan utveg enn å ta sitt eiget liv. Nærmast ved eit tilfelle vart han berga, av nokon som slo på tråden på heilt rett tidspunkt. Scheie begynte å fortelje om korleis han hadde det. Det vart starten på eit betre liv.

Artikkelen held fram under annonsen.

TV-profilen håpar boka kan vere med å skape debatt, fjerne nokre tabu og gjere det enklare å prate om trøbbel med gambling. Sjølv kjente han på mykje skuld og skam rundt avhengigheita si. Målet hans er at meir openheit kan gjere det lettare for andre å innrømme problem, og få hjelp.

Ifølgje ein rapport frå Nasjonal senter for spelforsking slit rundt 23.000 nordmenn med alvorleg spelavhengigheit. Det er i tillegg rekna at 93.000 er i risikosona for å utvikle det. Rapporten viser og at talet på folk som tek kontakt med Spelavhengigheit Norge har auka stort dei siste åra. Mellom 2010 og 2022 seksdobla talet seg. Dette er på sitt vis bra; det er godt å høyre at fleire og fleire ber om hjelp. Men me trur Scheie har heilt rett i at spelavhengigheit må pratast om, og at me treng å høyre historiene til folk som har hamna utpå, lik han sjølv.

Scheie levde eit liv der han «hadde alt». Vellykka idrettsutøvar, familie, solid økonomi, mykje positiv merksemd, bra jobb. Det var med andre ord lite som tyda på at han skulle utvikle eit problem med noko. Likevel tok spelinga over meir og meir av livet, til han mista fullstendig kontrollen.

Det kan med andre ord skje kven som helst, og årsakene kan vere mange. Scheie meiner tida me er inne i gjer spelavhengigheit ekstra vanskeleg å slåst mot - alt er så lett tilgjengeleg. Via mobilen er moglegheitene for å spele uendelege, og mange spel er omtrent designa for å gjere deg avhengig.

– Det er lyd og lys og løn heile tida, det er dopamin. Så enkelt er det. Og dette skjønar jo ikkje ein ungdom, eller eit barn, seier han. Det er heilt rett. Han ber vidare folk stille spørsmål om dei mistenker at nokon dei kjenner kan ha eit problem. Det kan vere kvifullt å spørje, men gevinsten kan vere stor for den det gjeld.

Me heiar på openheita Scheie viser. Og deler ønsket om at spelavhengigheit blir løfta opp som eit meir synleg samfunnsproblem.