Skribentens far Nils Bøe sammen med Nina og søsteren Tove.

Kjensle av sorg

Dette skulle bli ei ytring til Hallingdølen som pappa og eg skulle skrive i lag. Etter den førre ytringa vår som heitte Alderdommens ingeniørskap var vi godt i gang med neste.

Overskrifta skulle vere Kjensle av alder. Eg håpar og trur han ville ha godteke endringa. Det er med stor sorg eg skriv ferdig vår siste ytring.

Openheit

Etter å ha vore gjennom kjensle som sinne, redsle og skam, ville pappa vere open om det som no hende med han. Kjensle av skam skulle nedkjempast. Oppskrifta fann han frå sitt mangeårige virke i Norges handikapforbund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Negative haldningar skulle møtast med informasjon og openheit. Vi tek med eit minne frå min barndom for å illustrere at det er normalt at minne til tider kan ta uransakelege vegar. Ved å skrive våre to ytringar ville han vere open om følgjene av dei endringane som skjedde i hjernen hans.

Minne – den eg er

Eg var tre år. Storesyster mi var sju og hadde byrja på skulen. Det var ei god kjensle, ei kjensle av kven eg er, og kven eg er i lag med syster mi . Ei kjensle av å vere stor, nesten like stor som syster mi. Eg lærte bokstavar, opp ned, frå den andre sida av bordet. Slik eg hugsar det gjekk alle og song Obla di obla da. Men slik er det med minne, ikkje alle spor legg seg i rett skuff. Beatles sin Obla di obla da, kom nokre år seinare. Talrike slike minne gjer meg til den eg er. Kjensla i dette fyrste minne er så enkel, så ukomplisert. Kjensle av tryggleik.

Minne på avvegar

Kjensler kan vere gode og vonde. Min pappa hadde sine minne fra et godt og langt liv. Dei siste åra oppdaga han at minna hans oftare tok til med å hoppa over til ein annan skuff og dei var vanskelege å finne att. Ei kjensle av sinne kom over han. Noko var feil, men ikkje med han, «eg er ingen idiot» høyrde eg ofte i byrjinga. Budsjetta på reparasjonar av alt frå kaffemaskin til mobiltelefon nådde nye høgder. Kjensla i dette minnet er kaotisk. Kjensle av sinne.

Pappa – den han var

Pappa sine minne om eige liv gjorde at han heilt til det siste var seg sjølv. Han var ein like god skribent som han var ein god historieforteljar. Historia om familien er godt dokumentert i årbøkene Lofotr og Vestvågøy der han skreiv årleg. Under juletreet fann vi alle, årets utgåve av Vestvågøy og Lofotkalenderen. Vi i familien hadde mykje moro av dette. Det heile blei så toppa med framsyning av familiefilmar. Trur mange kan kjenne att den kjensla av; ikkje no att. Når vi no skal samlast til eit siste farvel, kjem me frivillig til å sjå på gamle familiefilmar. Skulle ynskje han fekk oppleve at vi set pris på den skatten han har gjeve oss. Det kjem til å bli gråt og latter i fin blanding. Kjensle av sakn.

Haldningar

Pappa fortel: I 1956 fikk vi en funksjonshemmet datter, storesøster. Jeg involverte meg i Norges Handikapforbund, hvorav 20 år som nestleder. I de årene lot jeg meg stadig imponere av de som hadde noen ekstra hindringer. De fysiske hindringene ble overvunnet med slikt som ramper, heis og døråpnere. I dag er det en selvfølge at alle offentlige bygg har en universell utforming. Jeg vet også at folks holdninger gradvis har endret seg selv om holdningsendringer er et langt mer tidkrevende prosjekt enn å bygge en rullestolrampe. Vi har et stykke igjen å gå/rulle.

Mitt liv med demens

«Pasienter er de siste som forstår at de er syk når det gjelder egen demens». Sammen med min datter har jeg på åttitallet, holdt kurs i regi av Nasjonalforeningen for folkehelse. Signalene blir ikke forstått på egen hånd eller misforstått. Svikt i hukommelse tolket jeg som normalt for gamle mennesker. De enkelte signaler ble «puttet i samme sekk – aldring». I mitt 90de år opplever jeg tydelig at jeg manglet kunnskap, «kurs», som pensjonsforberedelse. Ikke bare om økonomi, testamente, arv og andre endrede leveforhold. Men også enkle forklaringer om hodets univers (i alle tilfeller senest når demens-signaler er tydelige nok).

Dette gjelder også for din nærmeste familie (som får deg i «fanget») senere. Det er helt umulig å skrive en lærebok for alle om tusenvis av forskjellige signaler. Det er viktig å huske at dette er unødvendig for det store flertall, som ikke opplever noe unormalt. Like viktig som å måle blodsukker, puls og blodtrykk er demenstest av eldre, hvis du husker elendig (dårligere) eller reagerer dårligere (ved sertifikat test). Bruk fastlegen din og snakk med dine nærmeste.

Trollet som sprakk

Da ting byrja å gå sund, gjorde pappa alt for å dytte vekk dei ubehagelege kjenslene. Jo meir han dytta, jo meir dytta dei tilbake og kjensle av angst og sinne fekk fritt spelerom. Eg gjorde det same. Eg dytta hardt på for å overtyde han om at det ikkje var nokon feil. Det var han som ikkje hugsa korleis han skulle bruke dei ulike tinga. Han trong ikkje å kjøpe nytt. Vi var begge i en prosess der vi måtte akseptere endringane og angsten for det ukjende. Først da kunne vi overvinne hindringane. Troll rømmer frå lys, difor verkar openheit som ein solstråle. Trollet sprekk og let etter seg kjensle av fridom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Min pappa, Nils Bøe, arbeidde heilt til det siste med å skape endringar som har noko å seie for livet til menneska. I mange år ved å leie lag og organisasjonar, og til sist ved å skrive ope om seg sjølv. Eg er stolt av deg pappa og eg skulle ønskt du var her så eg kunne sagt det til deg. Kjensle av sorg.