Kjem det oss tilstrekkeleg til gode?

Hallingdal har den siste tida fått om lag 300 nye innbyggarar berre frå Ukraina. NAV Hallingdal har no informert kommunane om at etaten treng to nye årsverk for å ta hand om nye oppgåver knytt til flyktningar. Desse oppgåvene kjem i tillegg til dei tenestene NAV allereie leverer til innbyggjarane i Hallingdal.

NAV-tenesta som er retta mot flyktningane, er eit interkommunalt samarbeid mellom hallingdalskommunane. Kostnaden for to årsverk i eitt år, er 1,5 millionar, og beløpet må delast mellom dei seks kommunane. Det blir delt etter folketalet, og Gol er vertskommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til no har Nesbyen, Gol og Hemsedal gått inn for løyvinga. Ål går in for ei stilling i eitt år. Hol har ikkje handsama løyvinga enno. Her ga politikarane i vinter uttrykk for skepsis, då dei vart orientert om saka.

Det mest oppsiktsvekkande ved fyrste augekast, er at Flå har sagt nei. I eit samrøystes vedtak seier kommunestyret at NAV her må sjå på andre alternativ. I debatten vart det synt til at også andre gode tiltak, i denne tida, får nei til auka løyvingar.

Det høyrer med til historia her at Flå også tidlegare har gitt uttrykk for skepsis til finansieringa av interkommunale tiltak. Dette er ikkje utan grunn. Politikarane i bygda har erfaring for at få, om nokon, slike tiltak kjem Flå til gode i form av arbeidsplassar.

Slik sett er skepsisen i Ål vel så oppsiktsvekkande. Bygda har i alle år nytt godt av fellestiltak, mellom anna i form av arbeidsplassar innan helsesektoren. No varslar ordførar Solveig Vestenfor at ho har vorte meir kynisk.

Framfor utan vidare å gå inn for denne fellesløyvinga, vil ho stille spørsmålet om kva innbyggarane hennar får ut av løyvinga. Ho minner også, med rette, om at Ål kommune i alle år har lagt store summar i den interkommunale spleisekassa.

Kritisk vurdering av alle offentlege løyvingar, er ein sjølvsagt og positiv handlemåte. Heller ikkje gode fellestiltak skal vera freda frå grundig vurdering. På den andre sida så er det slik at etablering og utvikling av fellestiltak, alltid krev ein dose romslegheit frå dei som løyver pengar.

Tradisjonen i dalen har vore romsleg tenking på dette feltet. Denne tankegangen har gjeve oss gode fellestiltak, og regionalt utviklingsarbeid, som dei einskilde kommunane aldri ville klart på eiga hand. Nokon vil truleg også, med glede eller vemod, meine at det omfattande regionale samarbeidet har bremsa behovet for kommunesamanslåingar i dalen.

Uroa rundt løyvinga til NAV denne gongen, vil ikkje velte det regionale samarbeidet. Men det er verd å ha med seg kor langt samarbeidet og romslegheita har ført oss. Ikkje minst gjeld dette for politikarar som no signaliserer ei strammare line.

Artikkelen held fram under annonsen.