Resultat av ei ofseleg jukleform i Hemsil, sett frå Heslabrua i Gol. Ein ispropp danna seg oppe i elva. Då denne losna kom eit skred av is og vatn nedover elveløpet. Isblokka på berget, til venstre i elveløpet,vart slengt opp dit av vassmassane. Flaumen tok også med seg ei høgspentmast som vart sett opp like etter reguleringa.

Jukleform

Det var Ivar Aasen som gav meg løysingi på dette ordet ved å nemne «jukleføre» som han heimfeste til Råbygdelaget: «Snee med en iisskorpe ovenpaa.» - I grendi der eg voks upp til ungdom var «jukleform» eit liknande ord som me kjende godt.

Jukleform kunde laga seg når soli tok til å verme, og det so smått sildra vatn i bekkjene ned dalsida. Snjø og is kunde losne og koma med vatnet og støype seg i hop til ein kraftig dam der han fann feste. Og meire vårvatn samla meire is og snjø, og dammen bygde seg upp både høgare og breidare til å tole eit uhorveleg trykk. Til slutt var dammen ei stengsle for umåtelege krefter.

I godvêret som fylgde var sjølvsagt ikkje dammen liv laga. Ein vakker dag losna damfestet, og dammen braut i hop og sleppte kreftene ut i bekkjefaret og laga ei rasande jukleform beint nedetter til krafti dovna av i slakare lende. Det rulla stein. Is vart brote og flaut med. Klopper og gangtre vart aldri meir sedde, Turrkvist og bar frå timbrehogst laga stengsle for nokre timar. Eit gamalt brunnshus vart rivi sund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kunnige

Sjølv har eg nyleg fenge radiumstråling mot prostatakreft. Eg hadde tre sjukesystrar å vende meg til. Alle tre voro dei so fine, og alle tre voro kunnige med kreft, det var Caroline og Astrid og Helga. Den eine var like fin og kunnig som dei hine i dette laget, og det var berre slumpen som gjorde at eg vende meg til Astrid for å spørja um kvifor det tidt vart gale med tarmen når ein fekk stråling. Eg nemnde det samstundes for Astrid at ho hadde dei lengste augnevippone eg nokor gong hadde sett på eit kvinnfolk, og ho svara at dei voro dessmeir hennar eigne, ikkje kjøpte, og eg vart vare det løynske draget over ovanlepen hennar der ho la snusen innunder.

Roser frå Hallingdal. Skribenten har sterke, og gode, minne frå omsorgen han vart til del under sjukehusbehandling nyleg. Rosene er tileigna dei tre sjukesystrene han skriv om i ytringa.

Eksplosivt

Eg trur eg fekk med meg det grøvste av det ho Astrid fortalde, dersom eg skjøna alt rett. Endringar av matstellet frå heime til sjukehuset og skadar frå strålingi gjer at tarmen sluttar å reinske ut ferdigmelta mat.. Men tarmen er ikkje tett. Det er ingen sjukdom. Det berre hopar seg upp med melta mat i blanding med mykje slim og noko blod frå tarmveggen, og med væske og luft attåt vert det til ei «eksplosiv laus blanding» , ordi til Astrid, som skyt seg av garde i tarmen når rette tidi er der. Den «eksplosive blandingi» kan fara i hoppeskot ned tarmen og med dunder og brak skjote seg ut or bakenden til blandingi anten fredar seg i do eller i underbrokji.

Eg lydde og undra meg. Var det ikkje nett slik me stundom hadde upplevd jukleform i dei kåte bekkjene og tverrænane heime. Og eg sa det ved dei tre sjukesystrane at «jukleform» laut vera rette namnet på denne hendingi i tarmen vår. Ordet «jukleform» skildrar hendingi frå fyrst til sist, og er eit døme på korleis heimeord kan vera meir råkande enn alle slags framandord som kan koma på tale.