Intakte myrer er viktig sikring mot flaum

Myr er meir enn tunggått terreng med mygg og andre plager. Myr som ligg ut mot bebudde område utgjer viktig sikring mot flaum. Eit areal med myr har langt større evne til å halde attende vatn, enn tilsvarande dyrkamark.

Sikring av myrområde har til no handla mest og lagring av karbon. Myrområda i verda lagrar karbon i tusenvis av år. Med opphopinga v CO₂ i atmosfæren har fleire teke til orde for å sterkare og meir konsekvent vern av myrområde.

Artikkelen held fram under annonsen.

No minner seniorforskar Jarle Werner Bjerke ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), om at myrområda også må takast med i arbeidet med å avgrense flaumskadar i framtida.

Han stadfestar at myrer som ligg høgre enn utbygde område kan spele ei svært viktig rolle under styrtregn. Forskaren meiner at intakte myrer er ei forsikring uansett kvar dei ligg.

For kvar myrflate som forsvinn aukar risikoen for vasskadar lenger ned i systemet. Det gjeld ikkje berre myr, men våtmark generelt, deriblant sumpskogsmark og kroksjøar, seier han til Hallingdølen.

Les også
Klar melding: – For kvar myrflate som forsvinn aukar risikoen for vasskader

Myr, og annan urørt natur, kan samanliknast med ein svamp. Naturen er laga for å nyttiggjera seg det vatnet den får. Både planter og myr har evne til å lagre store mengder vatn til seinare bruk.

For kvart areal som blir «sivilisert», anten det handlar om opparbeiding til jordbruk, eller opparbeiding til by- og tettstadområde går det tapt område som tek hand om vatnet på naturleg vis.

Det er lett å sjå for seg at eit byområde med betong og asfalt har vanskeleg for å lagre vatn. Under flaumen nyleg så me også at det same gjeld i mindre tett utbygde strøk.

Vegar, dyrkamark og bustadområde klarte ikkje å halde på vatnet i særleg grad. Hogging av skoglier kan også ha hatt betydning, for det som utvikla seg til livsfarlege skredområde.

Me skal ikkje på noko vis ta til orde for av avfolke eller avsivilisere. Menneskeleg aktivitet og moderne busetnad har kome for å bli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men me skal vite kva me gjer når me stadig tek i bruk både myr, og andre område, til ulike formål. I det ligg også at me meir konsekvent må gjere prioriteringar som er på naturen, og dermed menneska, si side.

Framifrå menneskelege tiltak kan ha utilsikta sider som fyrst blir tydelege over tid. Då kan det koste meir å bøte på skadane enn det ville kosta å ta omsyn til naturen frå starten av.

I naturen er det alltid slik at alt heng saman med alt.

Les også
Totalforbod mot dyrking av myr - likevel seier politikarane ja til å ta ut 74 dekar myr til torvtak
Les også
Uttak av myr står for same utslepp som årsforbruket til 11.468 bensinbilar