Debatten gjekk heftig mellom ungdomspartia under valdebatten i Ål kulturhus fredag føremiddag.

Ingen grunn til å fordumme ungdommane

Skuledebatt pleier vere ein frisk affære. Det skal den vere, den skal fenge ungdommen, helst vekke eit samfunnsengasjement og stimulere til å ta eit standpunkt.

At skulane har slike debattar før valet, er sjølvsagt veldig bra. Fredag fekk både Ål og Gol vidaregåande besøk av eit politikarpanel, med representantar frå SV, Ap, Sp, KrF, Venstre, Høgre og Frp. Det kom ikkje som noko overrasking at det var tema som skuterkøyring, sperre på UTV og legalisering av cannabis som engasjerte mest. Sjølvsagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Debattklimaet derimot, fekk fleire til å sperre opp auga. Munnhoggeri og grov språkbruk skulle få tilhøyrarane til å følgje med - men dei politiske nyansane fekk dessverre lide. Under debatten i Ål, som Hallingdølen dekte, fekk elevane servert uttrykk som knulling av lommebok og rævkøyring av folks økonomi. Representanten frå KrF skjønte tidleg kor det bar, og innleia debatten med å åtvare ungdommen: «I dag vil de få høyre kva dei andre ungdomspartia er villige til å si for få stemmene dykkar». Det fekk ho aldeles rett i.

All ære til ungdomspolitikarar som faktisk stiller opp i debattar på skulane. Men me undrar oss på: Er det verkeleg ikkje mogleg å leggje ordskiftet på eit høgare nivå? Det er trass alt ikkje idiotar som sit i publikum, men høgst oppegåande ungdom. Truleg er det fullt mogleg å engasjere dei, utan å kappast om å lage mest sirkus og bruke dei grovaste orda. Og det kan faktisk vere at ungdommane i salen har samfunnsinteresse nok til å tenkje utover plombering av UTV og fridomen til å «ta ein joint i parken på ein fredagskveld», som kom fram i debatten.

Sigrid Onsgaard Sagabråten (Sp) sette heilt riktig fingeren på det: Ho meinte det er mykje som er viktigare enn rus og pappvin, og peikte på betre utstyrsstipend, skule, fråværsgrensa, bustad, arbeid og tilbod. Me er heilt einig. Me trur ikkje det er vanskeleg å finne tema som treffer ungdommen utover det heilt enkle og banale. Så er ikkje dette heilt svart-kvitt heller; debatten var rett nok innom både fråværsgrense, mobil i skulen og eksamen.

Skuledebattane er viktige. Men dei kan ikkje fordumme ungdommen. Det må vere mogleg å føre ein sakleg, fornuftig og likevel engasjerande debatt utan å slå kvarandre i hovudet med bannord og meir eller mindre realistiske lovnader. Me er kraftig overbevist om at ungdommane som går på dei vidaregåande skulane i Hallingdal er smartare enn som så.

I dag er det klart for skuleval. Resultatet vil vise kva som overbeviste mest i skuledebatten.