Nye bussavgangar vil gi Hemsedal ei sterkare tilknyting til Vy sitt togtilbod ved Gol stasjon.

Hemsedal inn på jernbanenettet

Måndag koplar Hemsedal seg på Bergensbanen. 114 år etter opninga i 1909 blir det korresponderande bussrute til Hemsedal frå åtte av dei ti avgangane med passasjertog kvart døgn.

Rett nok har det vore tilløp tidlegare også. Ei tid hadde bussane frå Sogn korrespondanse med toga. Desse rutene vart etter kvart utvikla til å bli gjennomgåande til Oslo, noko som gav kollektivtilbod til områda som ikkje har togtilbod eller togstopp. Også regiontoget Vøgne hadde i si tid ei tilbringarordning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbodet som startar no er eit treårig prosjekt. Hemsedal kommune, Hemsedal Turisttrafikklag og Vy Buss deler den økonomiske risikoen ved å stille garanti for eventuelt underskot. Dei tre aktørane har i lengre tid arbeidd for å få til eit betre kollektivtilbod. Konklusjonen på arbeidet var at her måtte dei ta tak sjølv.

Dette er eit svært rosverdig initiativ. Hemsedal har i lengre tid hatt tilbod om kollektivtransport med skibuss internt i kommunen. No ser turistnæringa i bygda at fleire og fleire innan kundegruppene som brukar tilboda i Hemsedal vel å ikkje ha bil.

Denne endringa i transportvanane gir ein god grunn til å skjerpe kollektivtilbodet. For sjølv om biltransport framleis vil vere berebjelken i persontransporten til og frå Hallingdal, så vil det i framtida vere stadig fleire som spør etter alternativ. Ikkje minst blant dei unge.

Ein av grunnane til at det har vore vanskeleg å skaffe Hemsedal eit busstilbod som matchar toga på Bergensbanen, er at toga kryssar på Ål. Dermed har ein buss som, til dømes, skulle betene morgonekspressane kvar veg måtte vente mellom 30 og 45 minutt for å få med passasjerane vestfrå.

Løysinga som no er vald er å setje opp bussar knytt til toga i kvar retning. Unntaket er kveldsekspressane, som den siste tida har hatt kryssing på Gol. Desse toga er på stasjonen til om lag same tid, og kan betenast av ein bussavgang. Rett nok er stasjonen på Gol ikkje godt tilrettelagt for passasjerhandteringa ved kryssingar, men jernbaneverket planlegg no ei utbygging, som skal løyse dette.

Uansett er tilbodet hemsedølene no har drive fram vel verd å merke seg. Meir miljøvennelege løysingar for person- og annan transport er etterspurt vare i dag. Hemsedal er dessutan allereie godt tilrettelagt for ferieopphald utan bil. Det kompakte anlegget i botnen av Totten, og tilknytinga til sentrum, er gode døme på at både utbyggarane og kommunen har sett framover. Slik sett føyer satsinga på buss og jernbane seg inn i ei vel gjennomtenkt mønster.