Hallingdal er meir enn du trur!

Av Kjersti E.H. Løyte, leiar Buskerud Senterkvinner

Mangelen på arbeidstakarar i oppvekst- og helse sektor er kritisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

I hallingdalskommunane og landet ellers «knivast» det om å få tilsett dei «beste» folka.

Korleis kan då arbeidsgjevar (les.kommunane) BEHALDE dei folka dei har og samtidig rekruttere nye?

• Verdsett dei folka du har. Gje dei anerkjennelse for den jobben dei gjer.

• Gje dei som har stått lenge i arbeid mogelegheit til permisjon, utan at dei mistar jobben.

• Applauder ansatte som ynskjer vidareutdanning og gje dei støtte til det.

• Nytilsetting - tenk igjennom korleis du møter folk som søker på stillingar. Tips; korleis ville du sjølv bli møtt.

Vis interesse og gje folk svar.

• Gje tillit til dei ansatte. Dei har stor kompetanse, er løysingsorienterte og stolte av jobben dei gjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Sett alle folk i alle ledd i arbeid – i «krisetider» må oppgåvene løysast på lågast mogeleg nivå. Alle må ta i eit tak.

• Lovpålagte oppgåver må løysast fyrst.

Kva tiltak skal me gjere for å behalde og tiltrekke oss arbeidsfolk samt spre informasjon om at:

HALLINGDAL ER MEIR ENN DU TRUR!