Hald fast ved det gode i den vonde tida

I dag og i morgon startar skulane opp att etter påskeferien. Til vanleg er dette ei god stund. Påsken er ikkje berre ei høgtid. Den er også eit høgdepunkt i løpet av skuleåret. Det er alltid godt å sjå att vennene etter ein ferie som, til vanleg, ber bod om lysare og varmare tider.

På Torpo, der skulen startar onsdag, men også ved andre skular i dalen, blir det heilt annleis denne gongen. Alle elevar, og lærarar, har fylgd med på tragedien, som har rulla over heile lokalsamfunnet. Ved fyrste møte blir det difor både vondt og sterkt å møtast att. Når kontakten i skulegarden og klasseromma er gjenoppretta, håper me likevel det blir ein ørliten flik av godt i tragedien. Det å oppleve at alle er der for kvarandre i ei vanskeleg tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

På arbeidsplassane, og ute i samfunnet elles, er situasjonen den same. Det kan vere vanskeleg å sjå kvarandre i blanke augo, men det er ingen veg utanom. Ikkje vik unna. Rett ryggen og møt kvarandre i sorga. Det er å heidre dei som døydde så ufatteleg tragisk.

Les også
Dei pårørande takkar for all omsorg og støtte etter tragedien: – Botnlaus sorg

Samtalen blir også viktig. Det gjeld å halde den på sporet. Me må alle bite oss fast i fakta. Ikkje koke rykte, og ikkje spreie rykte. Å halde oss nøkterne i det me seier, handlar også om respekt for dei som døydde, og for dei som sit att.

Politiet har hatt ein krevjande jobb i denne tida. Dei har vore tilgjengelege, og har informert så langt fakta har vore slått fast. Ikkje alt om politiarbeidet kan seiast eller kommenterast. Etterforskinga må få gå i fred, og ikkje bli påverka av utanforliggande faktorar.

Les også
Alt vart med eitt så stille

Då er det viktig å hugse at målet med politiarbeidet er å gje svar på alt så langt det let seg gjere. Mange er utolmodige. Det skjønar me godt. Men me ser også at langt dei fleste er tolmodige. Det meiner me er rett. Denne tragedien er så stor, at det å vente på fakta er eit ubetydeleg offer.

Slik sett er tolmod også ei av dei gode kreftene i denne situasjonen. Sorg tek tid, og sorg krev tid. Det er ingen snarvegar gjennom ein sorgprosess. Som det vart sagt under sørgjegudstenesta i Torpo kyrkje; det einaste som hjelper mot sorg er å sørge. Det gjeld anten sorga er privat og familiær, eller om den rammar eit heilt samfunn.