Grunnarbeidet er gjort

Listene til kommunevalet er no levert. Det betyr at dei lokale partilaga nok ein gong har utført sjølve grunnarbeidet i det norske demokratiet. Nominasjonen til vala er nullpunktet i folkestyret. Alt startar her.

Denne gongen er det Hol og Hemsedal som har kunna notere seg dei største rørslene i prosessen. Båe stader er FrP attende etter pause. I tillegg har veljarane i Hol før valet i september fått ei nystarta bygdeliste, og eit gjenoppliva SV å ta stilling til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mange grunnar til at ulike lister kjem og går i desse vala. Tor Grøthe i Hemsedal Frp kjem kanskje med den mest interessante forklaringa på kva som ligg bak, når partilaget har vorte oppmoda om å stille på nytt. Han meiner ein del veljarar opplever Høgre-lista i Hemsedal som vel framtung på Skistar og Turisttrafikklaget.

Dette er lokalval på sitt beste. Utsagnet kan lesast som ein sarkasme fødd av sjølvaste bygdedyret. Det er for snevert. Dette handlar om årsaka til at me har val. Veljarane skal ha høve til å balansere dei ulike interessene og kreftene i samfunnet opp mot kvarandre. Ynsket om liste frå Frp er eit uttrykk for dette.

Dei som fylgjer med har også notert seg at enkelte lokale partilag kan notere seg store svingingar frå val til val. Det er fleire årsaker. Den viktigaste er at kommuneval fyrst og fremst er personval. Nokon «går betre i val» enn andre. Trekkjer ein berebjelke seg kan oppslutninga rakne.

I tillegg verkar stemninga i rikspolitikken inn. Både Arbeiderpartiet og Senterpartiet har utfordringar knytt til galluptala nasjonalt. Det er tung motvind, men til hausten er det gode lokale namn som fyller vallistene.

Lokalpolitikken handlar dessutan ikkje om Ukraina, lakseskatt eller nasjonale straumprisar. I vårt område blir truleg ein av dei tøffaste sakene hyttebygginga vidare framover.

Vel er det også krevjande innan helse- og sosial i kommunestyra, men her er alle samde om å styrke tilbodet, og å utvikle det vidare. Diskusjonen om nye hyttefelt handlar om å også sikre areal til andre formål. Vidare kjem natur- og miljøomsyn inn. Alt dette blir stilt opp i mot sterke eigeninteresser i bygdene.

Me veit at stridssakene kjem. Då er det viktig at me veljarane er vakne og spelar dei me har valt inn gode. Det gjer med å halde ein god tone i samfunnsdebatten, både i kommunestyra, rundt kaffiborda, i media og ikkje minst på nettet.