Fullstendig rabiat styrking av offentleg hemmeleghald

Kommunane skal få høve til å halde fullstendig hemmeleg kva for saker dei arbeider med. Når det passar administrasjon og politisk leiing skal det kunne vera hemmeleg at det i det heile tatt eksisterer dokument, eller pågår arbeide.

Denne nyleg foreslåtte innstramminga i dagens Lov om rett til innsyn i offentlege dokument, er eit ekstremt langt steg bakover. Blir den gjennomført blir det eit hardt slag mot tilliten mellom innbyggarane, og dei som har offentleg og privat makt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innstramminga gjeld både statsapparatet, fylka, offentlege institusjonar og altså kommunane. På kommunenivå vil ei slik innstramming føre til at fleire får seg ubehagelege overraskingar.

Eit par eksempel: Lukka prosessar om til dømes bruken av areal, og om tilhøyrande utbyggingar, vil føre til at det blir vanskelegare for dei som blir råka å ta til motmæle.

Lukka prosessar knytt til oppretting av stillingar og tilhøyrande offentlege tilsetjingar vil svekke tilliten til desse. Noko som også rammar dei som faktisk får jobbane.

Grunngjevinga er minst like oppsiktsvekkande som framlegget i seg sjølv: «innsyn vil kunne føre til oppmerksomhet og debatt».

Debatten det her blir synt til, er den samfunnsdebatten alle politikarar lovpriser og etterlyser, i det minste i kvart valår.

Debatten er også meiningsutvekslinga som pågår mann og kvinne i mellom ute i bygdene. Bør saker gjerast slik eller slik, bør det byggast her, eller der, og så bortetter.

Dette er ein debatt som er heilt avhengig av openheit om kva det offentlege arbeider med av samfunnsutvikling. Å diskutere ulike rykte og misforståingar har lite for seg.

Vegen er kort til at Hallingdølen no blir skulda for å synast synd på seg sjølv. Det er rett at me nyttar innsynet. Det er ein jobb me gjer for lesarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

De, lesarane, betaler oss for at me skal ta fram sakene som er verd å diskutere. Det betaler oss for å gi diskusjonen eit meiningsfullt grunnlag.

De betalar oss også for at me skal få fram avgjerder, som elles ville skjedd i det skjulte. De, innbyggarane, betaler oss for å hindre at ting skjer i lukka rom, og på ei slik måte at ingen kan ta til motmæle, før det er for seint.

Framlegget frå justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) er ikkje anna enn ein varsla katastrofe for folkestyret, og det opne samfunnet. For ein ting er sikkert: Eit kvart høve til meir offentleg hemmeleghald vil bli brukt til det ytterste.