Selfie med ministeren: Det var god stemning blant ordførarane i Hallingdal då samferdselsminister Jon-Ivar Nygård lanserte satsing på veg, men parkering av Ringeriksbanen.

Frå kakefest til mageplask - med applaus frå lokale partivener

Regjeringa har konkludert om Ringeriksbanen. Det er ingen planar om å starte bygging dei neste 12 åra. I staden vil dei sende det ferdig utgreidde prosjektet med vedteken reguleringsplan ut på ein fjerntogstudie, der banen skal vurderast opp mot ytre Inter City til Lillehammer, Skien og Halden.

Løysinga passar som hand i hanske for det samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) uttalte medan han var ordførar i Fredrikstad. Då førre regjering lyfta Hønefoss inn som ein fjerde arm på Inter City-triangelet, kalla han det tidenes togrøveri. I forslaget til Nasjonal transportplan får den tidlegare Fredrikstad-ordføraren det akkurat som han ønskte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veg derimot, vil regjeringa bygge, skal me tru ministeren. Nye Veier skal i gang med E16 Skaret-Hønefoss, truleg i løpet av dei fyrste seks åra. Ei investering til 13 milliardar, inkludert bompengar. Isolert sett er dette bra; noko må gjerast med denne dødsvegen.

Det oppsiktsvekkjande er at regjeringa samtidig skuver Ringeriksbanen ut i det ukjente, for å seie det mildt. Banen blir ført tilbake frå Nye Veier til Bane Nor, og skal vurderast heilt på nytt. Eit prosjekt som har kosta 2 milliardar til no, og som er byggeklart.

Vegen skal følgje reguleringsplanen for fellesprosjektet veg/bane. Frå Skaret mot Sundvollen går dette, fordi veg og bane er lagt i kvar sin trase. Men frå Sundvollen til Hønefoss er det fellestrase. Jon Ivar Nygård seier til Hallingdølen at det i teorien kan skje at vegbygginga held fram frå Sundvollen mot Hønefoss før Ringeriksbanen har fått si avklaring. I så fall er det endeleg exit for jernbanen. Grunnforholda i området tilseier ikkje ny oppgraving parallelt med nyanlagt veg.

Det er likevel ikkje beint fram for regjeringa. Me merkjer oss at SV går hardt ut og kallar grepet til regjeringa avtalebrot og rot. SV berga fellesprosjektet ved budsjettbehandlinga i 2022, og har støtta FRE16 fordi dei ser det som einaste måten å få bygd jernbanen. Skrekkscenariet til SV er at det berre blir bygd motorveg - slik regjeringa no legg godt til rette for.

Det er likevel ikkje beint fram for regjeringa.

Ringeriksbanen har vore den store kampsaka for Hallingdal, Ringerike, Buskerud, Viken, NHO og LO. Også for lokallaga til regjeringspartia. Heilt til tysdag. Ved presentasjonen av vegsatsinga, kombinert med parkering av Ringeriksbanen, var det berre smil og takk frå lojale Sp- og Ap-ordførarar. Hol-ordførar Sigrid Simensen Ilsøy jubla for at Hallingdal får behalde dei 700 millionane frå førre transportplan, og har store forhåpningar om utbetringsmidlar. Ål-ordførar gjekk så langt som å seie at ho var litt skuffa over Ringeriksbanen.

Når det kjem til stykket er partilojaliteten viktigare enn å slåst for innbyggjarar og næringsliv i Hallingdal. Det heile toppa seg då lokale ordførarar avbraut intervju med NRK for å springe bort til samferdselsministeren for å sikre seg ein selfie med han før han sette kursen tilbake til Oslo. Det fortel det meste om fokuset til dei utkommanderte Sp- og Ap-ordførarane.