Fortent heider fem år på rad

Geilo vart nyleg kåra til landets beste skidestinasjon. Det er ikkje til å undrast over. Meir oppsiktsvekkande er det då at heideren kom for femte år på rad.

Reprisen seier sjølvsagt noko om Geilo, Men den seier også ein del om dei andre skistadene. Det er mange fine skistader her i landet, men etter vårt syn er det ingen som er like komplett som Geilo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange av konkurrentane manglar det kompakte preget som Geilo har. Landsbypreget er ikkje framtredande. Avstandane mellom ulike attraksjonar er store og så bortetter. Eller dei er rett og slett for små.

Me minner også om at Geilo ikkje er kåra til beste alpindestinasjon. Den ligg også i vårt område og heiter Hemsedal. Men kåringa no gjeld skidestinasjon, og då snakkar me heilskap.

Geilo har ein saumlaus kombinasjon av alpinanlegg og turskiløyper som ligg både rundt Ustedalsfjorden og oppe på fjellet. Samtidig har Geilo skitilbodet heilt inn i sentrum.

Kombinasjonen gjer at Geilo ser ut slik me ser dei berømte skistadene i Alpane. Bygd opp som ein kompakt og solrik fjellandsby, med jernbanen som naturleg sentrum.

I framtida vil tilbodet om miljøriktig transport, frå dei verkeleg store buområda i landet, truleg vere nok til å sikre Geilo meir positiv merksemd.

Heideren denne gongen er også trippel. Vestlia Resort er kåra til landets beste skihotell. Havsdalsgrenda er kåra til beste Chalet. Kategorien refererer til dei store alpehusa som husar skituristar.

Det er reisebyrå, turoperatørar og publikum frå heile Europa som har stemt fram Geilo til tittelen som vart delt ut i Kitzbühel i Austerrike.

Grunngjevinga for heideren er då heller ikkje smålåten:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Prisen blir tildelt Geilo for det varme vertskapet, eit breitt utval av overnattingsstader, merksemd om lokal matkultur og høg kvalitet», uttaler juryen.

Det er berre å gle seg med geilingane, og alle vener av bygda. Dei er mange. Samtidig er det på sin plass å minne om at for å sikre nye prisar gjeld et å halde på det som er bra, og å unngå å gjere feil val.

Geilo må utviklast vidare innanfor vinnarkonseptet bygda sit på.