Arkivbilete.

Forsvarskommisjonen sette flomlys på frigjeringsdagen

Norge har dei siste 30 åra har brukt ein stadig mindre del av statsbudsjettet på forsvar. Andre gode formål har vore meir i vinden politisk. Den militære leiinga har sukka tungt, og laga forsvar ut av det dei har fått, ikkje ut ifrå det Forsvaret har hatt behov for.

Fasiten fekk me då forsvarskommisjonen under leiing av Knut Storberget la fram kommisjonsrapporten som er laga på oppdrag får Stortinget og Regjeringa: Forsvaret vårt er lite og sårbart. Evna til å forsvare landet er svak. Kapasiteten til å halde ut i påvente av støtte frå Nato er for låg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svaret kom symbolsk nok like før me skulle feire både frigjeringsdag og nasjonaldag. Det er dei to dagane i året då fridom, forsvarsevne og vilje til å kjempe og ofre for landet blir omtala med høgtid og respekt.

I år og fjor har dei to høgtids- og festdagane blitt markert i skuggen av krigen i Europa. Det er denne tragedien som gjer at ein rapport om forsvaret ikkje lenger blir motteke med eit gjesp. Det er klart at krigen blir langvarig, og at den angår oss alle.

Rapporten foreslår tre store tiltak: Eit umiddelbart budsjettlyft på 30 milliardar kroner. Ekstraordinære løyvingar over ti år på om lag 40 milliardar kroner i året. Ytterlegare budsjettauke på ti milliardar kroner etter at perioden med ekstraløyvingar er over.

Den fyrste oppgåva er i fylgje Storberget å «Få det me har, til å virke». Det han syner til her er, mellom anna, dyrt utstyr som ikkje kjem i drift grunna mannskapsmangel eller etterslep i vedlikehald. For vår del kan han også gjerne syne til reine feilvurderingar og feilinnkjøp. Uansett; i alt dette ligg det kritikk av dagens forsvarsleiing for manglande heilskap og styring, innanfor drifta av det forsvaret me faktisk har.

Kommisjonen har også peikt på vegen vidare i arbeidet. Neste etappe i opprustinga må skje i Stortinget. Det som krevst er eit breitt forlik om forsvaret. Dette må vera så solid at det overlever dei neste fem-seks stortingsvala. Det betyr at alle parti med ambisjonar om regjeringsmakt må forplikte seg til å fylgje opp det ein no skal bli samde om.

Fyrste bod i dette arbeidet blir å legge att deler av det politiske egoet ute på Løvebakken. I eit slikt arbeid held det ikkje å syne til ei ekstraløyving for åtte, ti eller sekstan år sidan. Heller ikkje er det fruktbart å freiste å karre seg opp i lyset, ved peike på gamle feil frå politiske motstandarar.

Det som krevst er nytt lys, god vilje og ei solid forståing for alvoret i det som no har kome fram. Verda har endra seg fort. Me har kome bakpå. Kanskje har me også drive ynskjetenking, og trudd at verda er så fredeleg at forbruk kan gå framom forsvar. Det var ikkje slik.