Fornuftig sikring av korn i beredskap

Norge skal på nytt innføre beredskapslager av matkorn. Målet er å koma opp i lager på 85.000 tonn, noko som vil sikre bakeri, industri og hushaldningar korn for tre månaders forbruk. Lagera skal byggast opp gradvis, og det fyrste innkjøpet, av 15.000 tonn, skjer til hausten.

Ordninga med lagring av matkorn, har røter attende til 1928. Den vart avvikla frå året 2000. Ordninga stod i si tid sterkt. Eit vedtak i Stortinget, frå 1969, skulle sikre 280.000 tonn matkorn og 500.000 tonn kraftfor. På det meste, i 1971, var det lagra ein million tonn matkorn, og kraftfòr omkring i landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lagringa, som no skal i gang, er beskjeden samanlikna med ambisjonane i mellom- og etterkrigstida. Satsinga er truleg også prega av at debatten om beredskapskorn, har vore av og på heilt sidan avviklinga av ordninga starta i 2000. Dei mest liberale kreftene, på borgarleg side, har heile tida meint at marknaden kan ordne dette.

Dei nye avtalane handlar om lagring i private anlegg og strekker seg heile 25 år fram i tid. Dette er dermed eit sjeldan langvarig offentleg innkjøp. Politisk er det motivert av at ulike regjeringar ikkje skal ha altfor stort handlingsrom til å avvikle ordninga.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum har eigen erfaring å stø seg på i dette. Han fekk drive fram lagring av korn då han var landbruksminister under Stoltenberg i 2014. Denne satsinga vart avlyst då Erna Solberg overtok.

I dag er det neppe råd å overleva politisk utan å gå inn for lagring av matkorn. Invasjonen i Ukraina har endra heile biletet. Beredskap, både militær og sivil, er attende på agendaen på eit nivå me ikkje har sett på 25 år.

Det er difor truleg stor støtte i befolkninga for dette grepet. Mange vil meine at det er både altfor lite og altfor seint. Samanlikna med tidlegare tider er då også 15.000 ein svært beskjeden start.

Eitt av motiva for å starte i det små er at det ute i verda finst folk som treng korn meir enn oss. Etter angrepet på Ukraina er marknaden pressa. Det vil difor ta seg dårleg ut om Norge driv opp prisane på korn for å sikre ein, i verdssamanheng, svært mett befolkning.

Alt i alt meiner me dette er eit godt steg, og eit anstendig svar på eit spørsmål nordmenn flest stiller seg.