Dette biletet er tatt i samband med russefeiringa i 2022.

Flytte russetida?

Mai er rett om hjørnet, og med den følgjer eit av dei sikraste vårteikna: Russen. Det er alltid moro å sjå dei raude og blå buksene dukke opp i sentrum, med mykje liv, røre og musikk.

Oppkøyringa til årets russetid har dessverre blitt prega av eit alvor. Sist helg endte fem ungdommar på sjukehus med symptom på forgifting etter å ha vore på russetreff i Halden. Det er mistanke om at dei kan ha fått i seg eit nytt narkotisk stoff, som fekk dei til å hallusinere og skrike av smerte. Fleire av dei som vart råka meiner dei fekk noko blanda i drikka si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste helg er det nytt russetreff, i Stavanger. Russ frå fleire stader i landet seier dei kjenner på uro før treffet, dei er redde for å bli utsett for noko. Me veit at det tradisjonelt også reiser hallingruss til Kongeparken, og både politi og arrangørar har bedt russen vere ekstra merksame og forsiktige i år.

Arrangøren lovar grundig sjekk av både bussar, vans, bilar og gjester som skal inn på området. Det mest opplagte rådet kjem politiet med: Ikkje drikk for mykje, ha kontroll på eigne glas og ikkje la drikke stå utan tilsyn. Me håpar og trur hallingrussen er fornuftige og tek råda på alvor.

Tromsø-russen har også fått mykje merksemd dei siste vekene. Dei utset heile russetida til juni. Dette gjorde dei også i fjor, med stor suksess. I år skal dei vere synlege i bybiletet på 17. mai, men etter nasjonaldagen tek dei av seg russedressen og let den ligge i ro til 1. juni.

Russepresident Rebekka Pettersen har forklart kvifor. Blant anna trur russen i nord at fleire vil bli inkludert i feiringa om den blir flytta til etter at dei viktigaste eksamenane er overstått. Mange vel bort russefeiring for å i staden fokusere på eksamen - som sjølvsagt er både fornuftig og bra.

Likevel er det synd om ungdom skal gå glipp av nokre av livets artigaste veker fordi dei treng å ha blikket retta på eksamen. Russetida skal vere ei feiring av at 13 års skulegang er avslutta. Då gir det meining å vente til desse åra faktisk har kome til ein ende, og ikkje feire før eksamen er overstått.

I nord speler det sjølvsagt også ei rolle at vêret blir nokre hakk betre i juni enn tidleg i mai. Men om me kastar eit blikk ut vårt eiget vindauge, er ikkje det argumentet så dumt her i Hallingdal heller. I alle fall ikkje i år.