Eksplosivt slurv

Pelletsfabrikken og renovasjonsanlegget i Kleivi er stansa for fleire veker etter eksplosjon i forbrenningsomnen. Det blir ikkje produsert ein einaste sekk pellets, og avfallet blir lagra, eller sendt vekk, dersom det hopar seg opp for mykje.

Den eksplosjonsarta brannen i forbrenningsomnen, skuldast mest truleg ein gasstank, som var kasta i ein avfallskontainer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit anna ord for ei gassflaske på avvegar i ein slik samanheng, er bombe. Skadane etter smellen, minner då også om bileta me ser av ulike krigsskadar.

Les også
Full stans ved pelletsfabrikken då omnen i Kleivi eksploderte - risikerer milliontap

Uansett så har det vore store krefter i sving. Oppryddinga og reparasjonsarbeidet er allereie rekna til å koste bortimot tre millionar kroner. Driftsstansen ved pelletsfabrikken kan koste enno meir.

Rekninga for skadane i forbrenningsomnen er det du og eg, som må betale. Den kjem på renovasjonsrekninga. Truleg blir den ikkje merkbar. Me reknar med at selskapet har ein buffer for påkomande tilfelle.

Prinsippet er imidlertid klart. Offentlege utgifter er det me alle som betaler. Pengane kjem ikkje ut av ei hol i veggen der heller. Det er noko me må ha med oss når me forheld oss til offentlege tiltak, som renovasjon. Me må difor halde oss til reglane, og ikkje gjere ting som kan skade korkje renovasjonsanlegget, eller dei tilsette.

Les også
Aleine på vakt då det small: – Det var godt ikkje eksplosjonen skjedde på dagtid når me er fleire på jobb

I dette tilfellet gjekk det heldigvis bra. Det var berre ein tilsett på jobb. Han sat trygt i kontrollrommet då det small. Det kunne vore annleis.

Det blir neppe nokon gong klart kva som var årsak til eksplosjonen. Endå mindre sannsynleg er det at me får vite kven, som plasserte det eksplosive objektet i søpla.

Uansett handlar dette om slurv, tankeløyse eller eit medvite og hensynslaust val av typen «det er ikkje så nøye».

Uhell ser me bort ifrå. Det meste av det som blir omtala i den kategorien, er i realiteten manglande omtanke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Det er uansvarlege kundar som har skulda for den kraftige eksplosjonen