Politikarane i teknisk utval i Nesbyen og kritiske hytteeigarar på befaring. Dei var ikkje samde - men tonen var god.

Eit trugsmål mot demokratiet vårt

Folk skrik opp om politikarforakt viss dei ikkje får det som dei vil, og politikarar blir sjikanert og utsett for hat og trugsmål. Resultatet kan bli at politisk interesserte menneske styrer unna og ikkje engasjerer seg i politisk arbeid i det heile teke. Resultatet er eit trugsmål mot heile vårt demokrati. For uansett kva ein måtte meine om politikarane, så er me avhengig av dei. Alternativet er det ingen som ønskjer seg.

I Hallingdølen lettar to ordførarar litt på sløret. Ordføraren i Hol, Petter Rukke, seier at det har vore ei merkbar endring i denne valperioden. Tonen i debattfelta på sosiale medier har hardna til. Alt er ikkje like behageleg, seier Rukke. Ordføraren i Ål, Solveig Vestenfor, er inne på noko av det same.

Artikkelen held fram under annonsen.

--Tonen er vorte kvassare. Det blir tasta tøft, og det blir skrive mykje ufint.

Vestenfor fryktar for rekrutteringa til politisk arbeid. Det er viktig, seier ho, å ikkje skremme potensielle samfunnsengasjerte folk frå å stille på vallistene.

Me forstår frykta. Det er snart berre eitt år til kommune - og fylkestingsvalet. Vallistene vil fortelje korleis situasjonen er. Engasjerer folk seg – eller skygger dei banen?

Me fryktar det siste. Undersøkingar som er gjort varslar også vanskelegare tider for dei politiske partia. I undersøkinga gjennomført av Politihøgskolen i 2013 svara ti prosent av dei spurte i storting, regjering, i sentralstyra i partia og ungdomspartia at dei hadde fått direkte trugsmål, i 2021 var talet auka til 28 prosent. I ei undersøking som interesseorganisasjonen til kommunane, KS, gjennomførte i 2019 svara 43 prosent av dei spurte lokalpolitikarane at dei hadde opplevd hat og trugsmål. Halvparten vurderte å gi seg på grunn av dette. Undersøkinga viste også at dei yngre politikarane er meir utsette for hatmeldingar. Det meste kjem på internett.

Det er urovekkande. Ein politikar må tørre å stå i stormen, og alle veit at stikk ein hovudet fram er det lett å bli kritisert. Det er nok av «kioskpolitikarar» som sit og løyser problema. Men dei kjem ikkje fram og tek ansvar.

Det me treng er folk som gjer det, og demokratiet vårt er avhengig av dei. For kva skjer viss folk ikkje tør å ytre seg, eller engasjere seg på grunn av frykt for hat og trugsmål? Svaret er enkelt: Det hindrar rekrutteringa. I eit tid der partia spør etter unge og friske stemmer, er dette berre med på å hindre engasjement. For det trengst fleire nye stemmer. Men viss det er slik at den einaste betalinga er kaskadar med kjeft og trugsmål er det lett å forstå at folk finn på noko anna.

Det står trass i alt meir respekt av ein kritikar som tør å vise ansikt, enn ein eller ei som sit trygt bak tastaturet sitt og kastar rundt seg med eder og galle utan å bidra med noko som helst. Det står det i alle fall ikkje respekt av.