Ein vakker femtiåring

Skarverennet markerer 50 år i dag. Ikkje utan grunn blir rennet austover frå Finse marknadsført som «Vårens vakraste eventyr». Uttrykket er ærleg og redeleg annektert frå Holmekollstafetten. Det vart fyrste gong brukt av journalisten Per Foss i samband med ein førehandsomtale av stafetten i bladet Sportsmanden i 1932. Arrangørane på Geilo er ikkje åleine om å ta til seg uttrykket. Det har til og med, uskjønt nok, vorte nytta om tariffoppgjeret.

Alle som har opplevd, eller klarer å førestille seg, Hallingskarvet i maksvêr ein vårdag, skjønar teikninga vår. Med all respekt for den tradisjonelle stafetten; sveitt firsprang på asfalten opp mot Besserud, kan ikkje måle seg med skøyting, eller velsmurt diagonal, langs Skarvet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årets renn blir eit høgdepunkt på alle måtar. Sportsleg med Therese som både æresdeltakar, og som vinnar av rennet elleve gonger. Ho får fylgje av dei fyrste vinnarane av Skarverennet. Vidare kjem Elin Nilsen, ho er mestvinnande. Det same er Pål Gunnar Mikkelsplass, som har fire sigrar.

I eliteklassen til herrane stiller fjorårsvinnar Pål Golberg frå Gol til start, saman med landslagskollegaene Martin Løwstrøm Nyenget, Simen Hegstad Krüger og Harald Østberg Amundsen. Skiskyttarane Vetle Sjåstad Christiansen og Filip Fjeld Andersen går også dei 37 kilometerane heimover frå Finse.

Jubileet blir markert frå fredag ettermiddag. Då er det startnummerutdeling, og det er konsert med Daniel Kvammen ved Geilohallen. Laurdag ettermiddag er det høve til å brågifte seg i Geilo kulturkyrkje. På kvelden er det jubileumsmiddag.

Men fyrst og fremst er det skirenn med meir enn 10.000 deltakarar. Det er feiring nok, og det er ei bragd i seg sjølv. Geilo har eit velsmurd apparat, som tek tak i arrangementet år etter år. Det er så absolutt verd ei feiring.

Me ynskjer alle godt feste og god gli i dag.