Skribenten fortel om livsval og tilknyting.

E vart att heime

Midt i livet innser eg at det slettes ikkje var så dumt å ta det valet eg tok. Samstundes som eg lurer litt på om det nokon gong var eit val.

Eg vart født meir eller mindre førehandsprogrammert. Bunadskniven har mine initialar inngravert, dei same initialane som min goffa. Ein goffa eg dessverre fekk oppleve so alt for kort tid av livet mitt. Om eg knip augun hardt saman, kan eg vagt hugse den lune smeden som sat ved kjøkkenbordet. Saman med gommo, i det same huset eg bur i no. Ein slags sirkel, kanskje. Eller ein del av den same programmeringa eg føler eg har inni meg. Pål skulle eg heite, og på garden skulle eg bu. Eg er framleis usikker på akkurat Når dette vart bestemt, eller om dette også berre vart slik?

Det er utvilsamt at storesyster mi hadde odelen på garden. Men, på eit eller anna underleg vis var det liksom slik at det var eg som skulle vere der. Bu der. Drive der. Var det tå gamal vane det vart slik? At den personen med namnet Pål vart at heime på garden? Slik som for to generasjonar sea? No er det heldigvis for meg slik, at begge mine sysken framleis bur i bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yrke

So kom det yrkesval. Fritt val. Trur eg. Eg valde i alle fall å bli kokk. Rett og slett fordi eg likte å lage mat, få umiddelbar tilbakemelding og respons på det eg hadde laga. Det med respons, og reaksjon på prestasjon, var nok like viktig som noko anna. Kokkekarrieren tok meg via Nesbyen, Gol og Geilo til Europa og til slutt opp til Lofoten. Heile yrkesreisa var unnagjort på 5 år. Relativt heftig og usunt på mange vis. Eg ville heim. Heim te trygge omgjevnadar, der sjølve programmeringa skjedde. Eg tok, fekk og skapte nye jobbar med ynskje om å få umiddelbar respons på innsats. Og det får ein jo heime. På godt og vondt. Heftig og ofte tilsikta.

Så klart eg kunne jobba kor som helst i verda! Nei, det var aldri eit alternativ som vart vurdert. Det er i alle fall ikkje vurdert enno. Eg vart att heime. Heime i ei bygd som er gjennomsiktig, tydeleg og liten. Nokon kallar det trongt, eg kallar det opent. Nokre vil hevde det er små forhold, eg vil si det er store moglegheiter.

Kode

Eg er glad for at eg er her. Eg er glad for at det stadig er slik at eg får, og brukar, moglegheitene som er her. Framleis er det slik at eg er heilt avhengig av umiddelbar tilbakemelding på det eg gjer. Og det har ulike utslag på godt og vondt. Det eg har landa på er at det er mykje enklare å få respons og reaksjon på det ein gjer, når ein bur på ein liten plass. Ja, det er slitsamt inn i mellom og alltid bli sett og møtt av kjente. Ja, det kostar å bli peikt på og snakka om og ikkje alltid berre til. Ja, det hadde vøri enklare æ gøyme seg vekk i ein stor by, eller på ein ny liten plass. Men, i mi førehandsprogrammering låg det ei tydeleg koding. Og den kodinga er omtrent slik:

Gjer ting for andre + bidra til andre sin kvardag + lyft opp samfunnet du er ein del av + bidra til utvikling = Ingen vil koma for å gjera det for deg = du må bidra.

Difor er eg her eg er, og det er difor eg vart att heime. Ei stund te i alle fall. Eg er programmert slik.