Dette biletet syner hytter på Kikut. Vinteren vil vise om det blir like mange lys i glasa i hyttefelta i Hallingdal som tidlegare.

Det skal lyse i hytteglasa også

Talet på hytteeigarar i Hallingdal og Nore og Uvdal har kome opp i 33.970. Det viser tal Hallingdølen kunne presentere i helga. Debatten har den siste tida handla om korvidt det alt er for mange hytter i regionen, eller om fjellområda toler endå fleire fritidsbustader.

Me skal la debatten om meir hyttebygging ligge akkurat no. Det me kan slå fast er at hyttene, med desse 33.970 eigarane, ligg der dei ligg. Dei er ein ressurs først og fremst for hytteeigarane sjølve, som hentar trivsel og overskot på hytta - og kanskje også leigeinntekter. I tillegg er hyttene ein ressurs for næringslivet. Dei genererer aktivitet både i butikkane, hjå handverkarane og innan dei fleste andre sektorar i distriktet. Ein tur til sentrum i Gol eller til Geilo på ein vekedag dei neste to månadene framover vil gi dei fleste med vakent blikk ein peikepinn om samanhengen mellom hytter og lokalt næringsliv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hytter er rett og slett distriktsnæring. Det finst ikkje ei einaste regjering, verken noverande eller komande som seier at me ikkje skal satse på aktivitet og busetting i distrikta. Då må me satse på det me allereie har. I Hallingdal er hyttene ein viktig del av dette. Eksplosjonen i talet på hytter dei siste åra kjem av to ting: Auke i kjøpekraft og velstand på kundesida. Tilrettelegging for hyttebygging på seljarsida.

Det er ikkje meir enn 50 år sidan det vart halde ulike lokale seminar om korleis ein kunne få fart på bygginga. Eit viktig tema var korleis ein kunne sikre lokale ringverknader. Løysinga vart høgare standard på hyttene. Dette skulle sikre fleire brukardøgn i kvar hytte, og dermed meir pengar lagt att i lokalsamfunnet. Sagt med andre ord: Hyttene måtte ha veg, straum og vatn.

Hytteturismen er ei konkurranseutsett næring. Vel er fjella fine, men det er ein samanheng i alt. Hyttefolk som bur utanfor dalen har alt 20-30 mil reiseveg. Både tidsbruken, reisekostnadene og utgiftene knytt til drifta av hytte må stå i forhold til opplevinga. I klartekst; Det må vera meir attraktivt å dra på hytta, enn å nytte utmarks- og fritidstilbod i nærmiljøet.

Det er ein skjør balanse her. Det som trugar mest akkurat no er straumprisane. Det vil ramme lokalsamfunna dersom svært mange kjem til at det blir for dyrt med ei helg, eller ei veke, på hytta i vinter. Varer dette ved vil me dessutan sjå at verdiar forvitrar. Hyttene er ein del av kapitalen til husstandane.

Det er difor ingen veg utanom at også hytter må inn under ordninga med straumstøtte. Utforminga av denne bør andre enn Hallingdølen ta seg av. Men me er sikre på at det ligg samanhengar i lokalsamfunna våre her som ingen rikspolitikar kan snakke seg vekk ifrå.