Nye Veier er klar for å bygge Ringeriksbanen. Er regjeringa klar?

Det er heilt nødvendig å kome i gang med Ringeriksbanen

Det er meir enn 30 år sidan Stortinget sa ja til å bygge Ringeriksbanen. Prosjektet er ferdig greidd ut. Det er investert 2 milliardar kroner i planlegging og klargjering. Reguleringsplanen er vedteken og eigedommar innløyst.

«Alle» har prata varmt om banen og ny E16 mellom Skaret og Hønefoss. Likevel har ingen regjering klart å setje spaden i jorda. Den verkelege testen på om politikarane står ved det dei har sagt, er når Stortinget skal behandla ny Nasjonal transportplan til våren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Argumenta for innkortinga av Bergensbanen med ein time, kombinert med nødvendig utbetring av E16 mellom Skaret og Hønefoss, er velkjent. Likevel merkar me oss at regjeringspartia er forbausande tause om prosjektet. Når dei snakkar om Bergensbanen, er fokuset på Vestlandet. På Arna-Stanghelle (K5) som regjeringa løyvde 300 millionar plankroner til sist haust.

Me har uttrykt det før, og gjentek det her. Bergensbanen treng eit lyft. Med Arna-Voss og Ringeriksbanen vil togvegen mellom våre to største byar bli noko heilt anna og etter kvart eit reelt alternativ til fly. 2024 bør bli året der politikarane lyftar blikket og legg til rette for ein moderne Bergensbane.

Fagetatane har gjort si prioritering i sine innspel til Nasjonal transportplan. Ringeriksbanen har størst samfunnsnytte og bør prioriterast før Arna-Stanghelle. Det er det logikk i. Skal ein fråvike prosjektet med størst samfunnsnytte, må det tungtvegande argument til.

Trafikksikkerheit er eit slikt argument. I den samanheng er verdt å merke seg tal Hallingdølen kunne presentere denne veka. Det er fleire dødsulykker på Skaret-Hønefoss enn Arna-Stanghelle. Begge strekningane har mange skadde.

Rassikring er eit anna argument. Her syner ein rapport frå Statens vegvesen at 11 rastiltak på Arna-Stanghelle vil gjera vegen vesentleg tryggare. Me snakkar om tiltak til 52 millionar kroner som ikkje er meir enn lommerusk.

Vårt poeng er ikkje å snakke ned Arna-Stanghelle, me kjempar også for denne utbygginga. Men ei satsing på K5 kan ikkje gå på kostnad av Ringeriksporteføljen som er samfunnsmessig endå viktigare og med dei same utfordringane på trafikksikkerheit.

Løysinga ligg i dagen. Kom i gang med Ringeriksporteføljen, start rassikring i vest og følg opp med Arna-Stanghelle.