Evakuerte i Ål kulturhus.

Dei stille heltane

Hallingdal kokar no av aktivitet etter flaumen. I kvar bygd blir det rydda og, etter kvart bygd, i stor stil. Spora etter tragedien som ligg bak oss er omfattande, men ingen gir opp.

Heldigvis kokar det også på eit anna plan. Det kokar av gode glade og til dels rørande historier.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse er om dei som fyra opp traktoren og gravemaskina og berga grendevegen frå skader det ville tatt veker å utbetre om vatnet hadde fått halde på. Om innsatsen som i mange tilfelle sikra at eigedommane i grendene framleis har vegar.

Dei er om folka som tok raske grep med krafse, eller maskin, og redda hus i ulike bustadfelt frå det som kunne blitt store skader.

Ikkje minst handlar det om dei om dei mange som i kaoset let seg evakuere utan vidare parlamentering. Me veit det kostar mentalt å forlate bustad, og annan eigedom, i ein truga situasjon.

Men ved å godta beskjeden om evakuering bidreg ein også til å avverje nye nødsituasjonar. Det var viktig under ein naturkatastrofe, der bergingsmannskapa allereie hadde meir enn nok å ta hand om.

Les også
Evakuerte barnebarna og sau i båt - det mest dramatiske var at det berre heldt fram med å stige

Me vil også minne om dei mange som trødde til når evakueringa var eit faktum. Hotell vart oppbemanna på null tid. Vidare vart barnehagar, kultur- eller idrettsbygg nytta til innkvartering og overnatting. Det seier seg sjølv at slikt krev innsats. Den kom frå frivillige.

Eitt av orda me er mest stolte av her i landet er dugnad. Gjenoppbygginga av landet etter krigen hadde ikkje vore mogleg utan. Heller ikkje utviklinga av samfunnet i åra fram mot vår tid.

Dugnaden står ikkje så sterkt som den har gjort. Men når det røyner på, slik det gjorde sist veke, blussa den opp att for fullt.

Lat oss halde fast ved dugnadsånda. Me veit ikkje når me treng den, men me veit at me ikkje klarer oss utan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Gir millionsum til oppryddingsarbeid: – Veit at mange har starta eigne ryddeaksjonar