annonse

Ytring: Drama for truande tullenissar

+ Bergpreika, som er omskrivi i Matteusevangeliet, står som den viktigaste talen Frelsaren heldt den tida han vandra her på jorda. For nokre veker sidan, heldt leiaren i den truande nisseflokken ei preike til si menigheit. Den høyrdes mest som ei Bergpreike anno 2018.

  • Odd Skarsgard

Med stor kløkt, pedagogisk evne og særs god talekunst, ville leiaren, Knut Arild av Hareide, visa den vidare vegen for flokken sin. Mest som ein Moses, synte han leia ut av ørkenen og bort frå det politiske skuggelandet dei er i. For sume verka talen mest som manna frå himmelen, medan andre fekk hetetokter og lettare angstanfall.

Dette var den viktigaste talen ein truande tullenisse nokon gong har haldi. Bodskapen var kontroversiell. Kor mange er det ikkje som har hamna i usemje om vegval på ein fjelltur eller liknande, men dette var noko mykje viktigare. Denne gongen handla det om eit politisk vegval for den truande tullenisseflokken. Skal ein gå til høgre eller venstre? Dette er ei problemstilling mange turvandrarar har stått over for, men no er det Frelsaren sine stormtroppar i nisseheimen som står overfor vegvalet.

Fortaping

Knut Arild peika mot venstre, mot ei forbrødring med raudnissane og fjøsnissane. Dette meinte mange i flokken var vegen mot fortaping og undergang. Nei, vegen mot saligheita var å koma seg på eit blånissefang så raskt som mogeleg. Slike val skapar frustrasjon og hovudbry hjå true tenarar i flokken.

No er dei truande tullenissane i tenkeboksen, som det heiter, i høve vegvalet. I denne tida manglar det ikkje på friarar som både lokkar og trugar. Både blånissar og raudnissar gjer sine hoser grøne for å få denne tullenisseflokken på laget. Sjølv blånissedronninga, ho Erna, har prøvd seg med både kvinnelist og skremsel for å få dela «bord og seng» med Knut Arild.

Om ein ser til Frelsaren sine ord, har truande tullenissar og raudnissane mykje til felles. Tullenissane er opptekne av nestekjærleik, og raudnissane lyftar solidaritetsfana. Dette er då to sider av same sak. Men av ein eller annan grunn, har dei gjennom tidene sett med mistru til kvarandre. Helfta av dei truande tullenissane vil med blåfarge og litt kristen glasur gjera seg lekre for blånissane. Dette vert vanskeleg for trusfellesskapet i flokken. I fyrstninga av november må dei ta vegvalet.

Ein tå karo

Himmelen veit, sa kjerringa. Ho ville ikkje ta sterkare i. Den som berre visste kvar dette vil ende, men enden er bak same korleis ein vender seg. Dette kan fort verta enden for dei truande tullenissane også, men dei har ein leiar på høgde med dei fremste nisseheimen har hatt gjennom tidene. Jamfør kva Osvald Medhus sa om Knut Arild av Hareide i lesarbrev (Hallingdølen nyleg). Han kan koma i lag med Gunnar Knudsen, Jo Benkow og Einar Gerhardsen. Store ord om ein stor nisseleiar frå ein stor lokal politikkar.

No er kanskje Knut Arild lei av å verta tråkka på tærne av ein robust nissekonetrio? Kanskje det er betre å bli ein tå karo? Himmelen veit!

annonse