Maskinførar Henning Medgard i Bjella & Medgard AS fekk klarsignal til å starte arbeidet med å rette opp brua ved avkøyringa til Nossvegen torsdag.

Dagen då den eine krisa tok den andre

Knapt nokon kunne sett for seg omfanget av det som skjedde i Hallingdal denne veka. Heller ikkje kor fort det eskalerte. Brått var me i ein krisesituasjon, den verste på lang, lang tid.

Mens naturkreftene herja og vatnet fossa, forsvann mobildekninga i Ål. Då situasjonen var på sitt mest krevjande, sitt mest uoversiktlege og usikre, mista me kommunikasjonen med kvarandre. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at slikt kan skje når moder jord vender vrangsida til, men det er vanskelegare å skjøne at ei heil bygd kan bli ståande to lange dagar utan mobildekning, midt i ein situasjon kommunen knapt har opplevd maken til.

Artikkelen held fram under annonsen.

To dagar gjekk, der folk ikkje fekk kontakt med kvarandre. Der folk vart evakuert frå hus og heim, og ikkje visste korleis det stod til med familiemedlemmer. Der folk faktisk også mista hus og heim, men var avskorne frå omverda. Der det oppstod eit desperat behov for informasjon, som ikkje kunne gå ut via SMS. Mange var i tillegg utan internett. Då er det ikkje lett, heller nær sagt umogleg, å halde seg oppdatert.

Telenor har forklart kvifor det tok tid å sende folk for å utbetre feil på fiberkablane. Me stiller likevel spørsmål ved om dei var godt nok budd. Forklaringar kan vere både gode og til å forstå, men den kjensla mange ålingar sat med dei første døgna etter at ekstremvêret råka skal ein ta på alvor.

Hugs at mens vatnet steig og fleire hundre måtte evakuere hus og heim, gjekk også straumen i eit større område. Vassforsyninga vart borte. Så døydde altså mobilen og. Krise på krise.

Den komande tida er det mykje som skal evaluerast. Dette også. Når alt sviktar på ein gong, har me gode nok back up-løysingar? Kva kanalar skal ein bruke når dekninga sviktar? Kommunane i Hallingdal har i stor grad brukt Facebook. Me minner om to ting: Ikkje alle har Facebook. Og algoritmane sørgjer uansett for at ikkje alle får opp det kommunen har lagt ut. Det er noko å ta med seg inn i evalueringa.

Slik sett er kommunens heimesider eit langt betre alternativ. I tillegg er det også eit poeng at innbyggarar må kunne få tak i kommunen om det oppstår ein krevjande situasjon - ikkje berre motsett. Er det gode nok løysingar for dette når dekninga forsvinn?