Bussen må gå

Hallingbussen er truga. Signalet frå Buskerud fylkes busstrafikkselskap, Brakar, er at støtta til Hallingbussen blir kutta med éin million kroner. Selskapet får i år betydeleg mindre pengar frå den nye fylkeskommunen enn det fekk i Viken. Dermed skal alle steinar snuast.

Bussruta som startar frå Geilo, er den einaste kollektive morgonavgangen for hallingar som skal mot Hønefoss og Oslo. Om me ser bort ifrå nattoget, går fyrste tog austover ved tolvtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Busstilbodet vart oppretta då regiontoget Vøgne forsvann. Det har vore truga av nedlegging fleire gonger dei siste åra, og kvar redningsaksjon har vore ein hard politisk kamp.

Les også
Kan miste støtte: – Signalet er at støtta til Hallingbussen blir kutta med éin million kroner

Problemet for bussruta er det same som regiontoget Vøgne hadde. Det vart for få passasjerar. Eit av tiltaka som skulle sikre passasjertalet var, ved båe tilboda, at offentlege tilsette skulle nytte kollektiv transport til og frå møter i fylkeskommunal samanheng. Ein anna gruppe var pasientar til og frå spesialistane ved Ringerike sjukehus.

No har helsetenesta i mange år hatt eit svært vellykka busstilbod til si målgruppe. I tillegg har elektroniske løysingar knytt til sjukestugu på Ål kome inn. Løysingar, som Teams, har også redusert behovet for møteverksemd i fylkeshovudstaden Drammen. Vidare har innkortinga mellom Sokna og Ørgenvika gjort bilturen til Hønefoss og Oslo eit hakk greiare.

Trass i alt dette meiner me likevel at Hallingbussen må reddast også denne gongen. Aller helst med ei permanent og robust løysing. Stadige truslar om nedlegging bidreg neppe til å stimulere, korkje passasjertalet, eller medvitet om at ruta finst.

Les også
Ni avgangar til og frå Hallingdal: – Dette er eit bra steg for regionen

Tidspunktet for nedlegging er dessutan feil. Oppgraderinga av Lærdalstunnelen er venta å føre til sterk auke i tungtrafikken dei neste fire-fem åra. For mange kan dette vera ein grunn til å vurdere å bruke kollektivtilbodet meir.

To grunnleggande moment må oppfyllast i denne saka. Ruta må sikrast permanent, og det må skapast medvit om at den finst. Ingen av desse faktorane kjem av seg sjølv. I ein bilglad befolkning må det faktisk forklarast grundig at kollektivtransport er komfortabelt. Bussen er også miljøvennleg, og den slepp å leite etter parkeringsplass. Ei nedlegging vil vera ei fallitterklæring.