Bøndene må få sleppe å tvile på eiga næring

Snart 50 år etter, skapar stortingsvedtaket om å jamstilla lønsvilkåra mellom jordbruket og industrien framleis strid. Jamstillingsvedtaket, som dåverande leiar i landbrukskomiteen, Berge Furre (SV) var ein av pådrivarane for, er ikkje gjennomført fullt ut.

Bakteppet den gong var politisk uro over nedgangen i talet på sysselsette i landbruket. Spesielt var det avvikling av mange små gardsbruk i utkantane som vekte bekymring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølvforsyninga av landbruksprodukt var ei anna moment som også var framme for 50 år sidan. Debatten om medlemskap i EU (EF) gjorde spørsmålet om sjølvberging til allmenn kunnskap. Temaet var eitt av dei sentrale før folkerøystinga om EU i 1972.

Opptakten til årets forhandlingsrundar avdekkjer mykje av det same. Ikkje minst er graden av sjølvforsyning igjen eit moment. Det er knapt naudsynt å nemne at krigen i Ukraina, har bidrege til å dreie merksemda meir mot sjølvforsyning enn mot frihandel.

Bøndene sitt svar er lakonisk nok: Me oppfyller gjerne ynskjet om auka produksjon, men me må også få betalt for det. I same veiven minner dei om at den noverande regjeringa i Hurdalsplattforma er ein sterk tilhengar av auka sjølvforsyning.

Heller ikkje kravet om tetting av inntektsgapet mellom landbruk og industri har fått full tilslutning frå statens side. Unge bønder står dermed fram, og seier at dei tel på knappane om korvidt dei skal gjere lovpålagde investeringar, eller avvikle drifta. Dei minste bruka, les utkantstroka, er mest utsett.

Det siste tydeleggjer også ei av dei grunnleggande utfordringane ved landbruksforhandlingane. Bøndene er ikkje ei eintydig gruppe. Store bruk, på flate tunge jordbruksbygder, har naturleg nok større evne til å bera investeringar, enn mindre gardar innover i dalane.

Tilbodet om å dekke oppunder halvparten av kravet om 6.9 millionar kroner vil sjølvsagt ikkje bli ståande som endeleg resultat. Det skal forhandlast. Me meiner fylkesleiar i Buskerud Bondelag, Håkon Haug Laa frå Ål formulerer kravet til forhandlingane greitt, når han seier at det må til så mykje pengar at; «tvilen blir borte».

Me ser klart at tvilen som huserer blant bønder som lurer på om dei skal avvikle, eller bli med vidare, ikkje er særleg sunn for landbruket.

Den lokale leiaren legg vekt på å få med bonden i heile landet inn i framtida. Då handlar det om å gjere det mogleg for bønder, uavhengig av størrelse, produksjon og geografi, å produsere mat, og samtidig ha fritid og familieliv som andre.

Artikkelen held fram under annonsen.