Barneombodet skyt ned politisk kvikkaseri

«Det skal ikkje lenger innførast reformer og store endringar som angår born utan at styresmaktene har nok kunnskap om effekten, og om moglege utilsikta konsekvensar av tiltaket.»

Pusteøvinga ovanfor er drive fram av barneombod Inga Bejer Engh. Den tidlegare statsadvokaten og dommaren har, i fylgje Aftenposten, arbeidd hardt for å få endra ein av Norges viktigaste instruksar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den heiter utgreiingsinstruksen. Instruksen stiller som krav at alle

offentlege etatar skal greie ut både positive og negative sider ved tiltak som skal gjennomførast. Slike krav er ofte mislikt av politikarar, som ynskjer seg kvikke løysingar på kompliserte samfunnsproblem.

«Omsynet til barnets beste», er grunnlaget når barneombodet grip tak i dette. Ombodet har fått medhald i at barnets beste skal vurderast FØR det blir gjort samfunnsmessige endringar, som er viktige for barns levekår.

Det ovanfor skule vera sjølvsagt, men ombodet kan syne til at både digitaliseringa av skulen, innføringa av ungdomsstraff, og ikkje minst nedstenginga av skulane under pandemien, vart gjort utan at konsekvensane fullt ut var avklara.

Ynskjet om politisk handlekraft, fekk dermed gå framom omsynet til dei saka gjeld. Resultatet i to av sakene, nedstenginga og digitaliseringa av skulen, har då også ført med seg ein svært kritisk debatt i etterkant.

Barneombodet har hatt gode kort på handa for å krevje denne innskjerpinga. Det mest openberre, er at barn utgjer 20 prosent av befolkninga. Dei har ikkje stemmerett, og heller ikkje andre ressursar til å påverke politikken.

Les også
Fire år sidan pandemien - kva har me lært?

Eit anna moment, er dermed at det må til særskilde tiltak for å sikre at «barnets beste» blir teke omsyn til. Det tredje momentet gjeld alle offentlege saker, og handlar om å sikre at pengane blir brukt som dei er tenkt.

Inga Bejer Engh har no seks år bak seg som barneombod. Sakene ho legg til grunn for kravet om at utgreiingsinstruksen må brukast slik den er tenkt, stammar alle frå hennar tid på denne posten. Ho har difor hatt høve til å vise til svært konkrete utfordringar når ho har argumentert for endringar som tek barn på alvor. Det står respekt av dette arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.