Barna er viktigast

Norske statsborgarar blir no frakta ut frå krigsramma Gaza. Det er gledeleg. Å opphalde seg i ei krigssone er ille. Det er berre ein ting som er verre i samanhengen. Å leve i ein krigssone, utan eit pass som kan gje håp om å koma seg vekk.

Slik er situasjonen for dei som bur i Gaza no. Ingen kan kjenne seg trygge. Ingen veit kvar det smell neste gong. Det er mangel på alt, og mindre og mindre sjansar for å få hjelp, dersom ein blir skada av granaten, som faktisk vart meint for å drepe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barna lir mest. Dødstala er sjokkerande. Men å overleve som barn i ei krigssone, har sine sider det også. Ingen kjem uskadd frå ein slik oppvekst. Me snakkar om alvorlege traume, og ein angst, som vil prege mange livet ut.

Hatet kjem i tillegg. Ein skal vera storsinna anlagt om ein går inn i fredsrørsla etter ein oppvekst under angrep frå ei av verdas sterkaste krigsmakter.

Ein gong sluttar krigen. Alt frå ein skjør fred, til ein brutal okkupasjon vil overta. Då er det også fare for at nokre av dagens bomberedde småfantar med tida vil bevare, og bringe vidare, hatet frå krigen dei opplever nett no.

Det var Hamas som starta, vil nokon no minne om. Andre peiker på årstalet 1948, då staten Israel vart oppretta. Begge har rett, og kan trekkje fram dusinvis av hendingar som har ført Midtausten dit den er i dag.

Det handlar om årelangt maktspel frå ulike statlege aktørar. Svakt fungerande politisk styring, som jamleg blir sabotert. Nød, arbeidsløyse og utdanningsnivået som alltid pregar ustabile område kjem i tillegg.

Det er berre ein ting som kan løyse opp denne knuten. Den heiter grunnleggande medmenneskelegheit. Krig er det stikk motsette. Det er umenneskeleg.

Start med barna. Dei er viktigast. Barn er også lettast å skape sympati for. Dei gir mest inntrykk i nyheitsstraumen, for å seie det rett ut.

Den som vel å prioritere barna, vel å arbeide seriøst for fred og anstendige livsvilkår.

Artikkelen held fram under annonsen.