.

«Bamsegutt» utfordrar både oss og velferdsstaten

NRK-serien om Jan-Egil Granfoss, «bamsegutt», som er stranda på Filippinane rører og opprører. Kanalen får kjeft for ikkje å ha fortalt heile historia. Også den om at mannen er dømt for overgrep.

Slikt straffar seg, og NRK har då i ettertid også kome til at dette skulle vore med i reportasjen. Det burde vore sjølvsagt. Ikkje minst av omsyn til offera. I tillegg har også Granfoss gjeve uttrykk for det same.

Artikkelen held fram under annonsen.

Angrepa mot fjernsynsprogrammet starta uansett med andre, og etter vårt syn, like vesentlege innvendingar. Kritikken gjekk, mellom anna på einsidig negativ framstilling av både NAV og barnevernet.

Bruk av mannens son og kone med full identitet kan det også stillast spørsmål ved. Dei har sikkert samtykka, men kor reelt er eit slikt val?

Vidare kan det vere verd å tenke nærare over at Tore Strømøys framstilling også syner Jan-Egil Granfoss som ein mann som ikkje alltid heilt skjønar sitt eige beste. Slik framstilling av enkeltmenneske er alltid ein hårfin balansegang.

Tore Strømøy forsvarer seg likevel godt. Programleiaren sitt utgangspunkt er at han ynskjer å tale dei svakaste sin sak. Han ynskjer å få fram urett og misforhold i samfunnet. I dette arbeidet ynskjer han å snakke eit språk folk forstår, og å bruke ein dramaturgi som gjer at folk får med seg heile innhaldet.

Det er eit prisverdig utgangspunkt. Det er liten tvil om at Tore Strømøy vil nå fram til både fjernsynssjåarar og makthavarar. Ei sak om ein anonymisert nordmann, som er busett på Filippinane og har plunder med NAV, ville neppe nådd nokon stad, og langt mindre ført til noko.

Det er også god grunn til å utfordre NAV, og andre samfunnsetatar med denne saka. Jan-Egil Granfoss er ikkje den einaste som har opplevd etaten som eit mangehoda troll, som det ikkje utan vidare er lett å forhalde seg til.

Tore Strømøy sitt program minner oss om at NAV, og reisten av samfunnsapparatet, faktisk er til for å hjelpe dei som ikkje har heilt grepet om alt som er av reglar og prinsipp i samfunnet.