Auka gebyr er neste etappe

Golingane får merke auke i gebyra for vatn- og avløp i året me no har starta på. Avgifta for vatn aukar med 40 prosent. Avløpsgebyra vil gjere eit endå større hogg i innbyggjarane sin privatøkonomi. Her ligg auken på heile 84 prosent.

Renovasjonsavgifta aukar med 14 prosent. Generelt kan ein vanleg hushaldning vente ein auke på 50 prosent totalt for vatn, avløp og renovasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ekstrakostnader til straum og renter, som gjer gebyrauken langt høgare enn det som var planlagd berre for eit par år sidan. Ikkje uventa er det straumkostnadane som gjer hovudutslaget.

Årsaka er etterslep. Då straumprisane tok til å akselerere inn mot sist vinter, hadde kommunepolitikarar, som ante fred og ingen fare, allereie laga budsjett for 2022. Auken i gebyr, som slår ut no i 2023, skal difor dekke både venta høge straumprisar noverande år, og dei høge prisane året før.

For vanlege folk, har dei galopperande straumprisane, ved fyrste augekast, handla om to ting. Sparing av straum og straumstøtte frå staten. I tillegg har me merka solid prisstigning på det me kjøper i det daglege.

No kjem neste runde. For når rammebetingelsane i økonomien endrar seg, så opplever me både umiddelbar verknad, og etter kvart også eit etterslep av prisauke på det meste. Det siste gjeld også offentlege gebyr og avgifter. Budsjett skal vedtakast og avgifter kunngjerast, før me entrar nytt år. Neste endring kjem om eitt år.

I historia frå Gol, høyrer det også med at avgiftene hadde vorte om lag tjue prosent dyrare utan ei ekstra støtte til innbyggarane på tre millionar kroner for 2023. Det er eit greitt handslag, men det er avhengig av at kommunen har råd til å gjera dette grepet.

Dei ulike kommunane har ulike føresetnader for å gjere slike tiltak. Det økonomiske spelerommet til kommunane i øvre Buskerud varierer noko, for å si det mildt.

Vår spådom er at kommunane i åra framover vil få mindre høve til å gje straumstøtte til lokale gode formål. Kravet om inndraging av ekstraordinære kraftinntekter frå to av kommunane, peiker i så måte ut kva for kurs staten vil legge seg på overfor kommunane.

Straumsjokket me har fått til no er difor berre starten. Endringa i prisnivået på straum, handlar om endring av rammebetingelsane som heile det norske samfunnet er bygd opp rundt. Nett no slit både riks- og lokalpolitikken med å gjere tilpassingar. Ulike støtteordningar som får ulike utslag, er også ein del av biletet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me meiner meir og meir peiker i retning av ein fast og forutsigbar straumpris. Landet er bygd opp rundt elektrisk energi. Me har, til dømes, ikkje infrastruktur for bruk av gass. Fram til me får ein fast pris på straum og forsyningstryggleik, rundt denne, vil uroa i økonomien berre halde fram.